Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap mot Sogndal




Foto:

Enkelte har etterlyst referat frå Sogndalskampen 10. mai, og her kjem det.

Fredag 10. mai var Sogndal gjestar på Kreklingen. Etter at Balestrand vann treningskampen tidlegare i vår, hadde ein tru og håp om ein ny seier for damene. Slik gjekk det ikkje.

Begge laga brukte dei første minuttane til å å ta og føle på motstandaren som det så fint heiter. Ingen av laga spelte seg fram til store målsjansar. Sogndal opna skåringane etter 28 minutt spel. Ei lang pasning inn i bakrommet, og kommunikasjonssvikt mellom forsvar og keeper, og gjorde at SIL-spissen fekk headde upressa over ein litt seint utrusande Linn.

Balestrand let seg ikkje stresse av det. 37 minutt var spela då Ingunn førte framover og smlete til eit kanonskot som keeperen til Sogndal var sjanselaus på. Flott at jentene endeleg har skjøna at det går an å skyte frå distanse.

I fotballterminologien er det noko som heiter "mål på mål". Det betyr at laget som nettopp har fått eit baklengsmål, ofte skårar med ein gong. Slik vart det desverre òg denne kvelden. To minutt etter utlikninga sette Sogndølene inn 2-1 på eit flott stegskot. Linn fekk så vidt opp eine handa, men fekk ikkje nok kraft bak, og ballen enda i målet.

Laga gjekk til pause med 2-1 leiing til bortelaget. Sogndal fekk bokført 6 målsjansar (inkludert måla), mot Balestrand sine 4.

7 minutt ut i 2. omgang gjekk Ann Kristin ned for full telling. Ei klarering traff foten til ein Sogndalspelar, og ballen fauk rett i ansiktet på vår gode kaptein. Etter 5 minutt førstehjelp, vart Ann Kristin boren av bana. Tonje kom inn og overtok plassen i midtforsvaret. Før Balestrandsforsvaret hadde "sett seg", auka SIL leiinga til 3-1 på eit langskot som duppa ned bak Linn som stod langt ute.

Berre minuttar etter at Ann Kristin gjekk ut, måtte Silje Totland kaste inn handklede òg. Begge stopparane ute i løpet av nokre minutt, og det sette sitt tydelege preg på resten av kampen. Ikkje noko negativt sagt om dei som overtok på stopparplassane. Det er ikkje berre å bli kasta inn i ein tøf kamp som dette var.

Balestrand hadde meir en nok med å få ballen unna eigen målgard. 25 minutt ut i omgangen skåra Sogndal igjen. Eit skot frå mange, mange meter såg ut til å gå over målet. Trur du ikkje at ballen fann ut at han skulle duppe ned like under tverrliggaren... Minuttet før full tid sette Sogndal inn sluttresultatet til 5-1. Mykje fram og tilbake inne i feltet før det var skote frå hjørne av femmeteren og i mål. 7-2 var sjansestatistikken fordel Sogndal i 2. omgang.

Balestrand stilte med dette laget frå start:
Linn, Marte - Silje Totland - Ann Kristin - Hanne, Silje Thorsnes - Ingunn - Heidi - Anette, Ragnhild - Sara.

Bjørg Kristine kom inn for Anette etter 33 minuttar spel. Ho vart ei uromoment for SIL-forsvaret med sin gode fysikk.

Tonje kom inn for Ann Kristin og Sunniva spelte dei siste 9 minutta for Silje Thorsnes.

Frøydis fekk spele på høgrekanten og litt på høgre back siste 30 minutta. Laget yngste spelar kom godt frå debutten sin!

Ein kan oppsummare kampen med at Balestrand spelte ein god første omgang. 2. omgang vert prega av at begge midtstopparane måtte gå ut. Sogndal var totaltsett det beste laget, og slik kampen utvikla, var det fullt fortent at dei vann.

PS! Det er desverre ikkje noko bilete frå kampen. Biletet øvst er henta frå treningskampen.



Skrive av: Geir Harkjerr (01.06.07 - 13:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488714 besøk, sidan 18. juli 2005