Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med uavgjort mot Syril




Foto:jarle

Småjentene spelte uavgjort 5-5 i ein svært spanande og dramatisk kamp der Syril utlikna på straffespark nesten tre minutt på overtid
Det var heiltente jenter som tok turen til administrasjonssenteret for å møte Syril tysdag ettermiddag for å ta den første bortesigeren for sesongen. På ein dårleg grasbane på Syril stadion hadde dei sigeren langt nede i lomma, men etter at den svartkledde på uforklarleg vis la til nesten tre minutt, klarte Systrendingane å stele med seg eitt poeng.

 

Det var jentene frå Balestrand som opna scoringsshowet. Mari sin lange polar gjekk over keeper og rett i mål. Minuttet etter bytta Syril inn sin spissjuvel. Ho er eit stort talent som vanlegvis spelar på smågutelaget slik at ho skal få god nok matching. At dei valde å la henne spele denne kampen skal jentene vere stolte av. Det vitnar om at dei har stor respekt for jentene våre.

 

Resten av kampen vart på mange måtar Balestrand mot stortalentet. Ho scora 4 av Syril sine 5 mål og var totalt dominerande. Ho brukte om lag to minutt på å utlikne leiinga. Kort tid etter gav ho laget leiinga  2-1. Våre jenter gav seg imidertid ikkje og Mari kunne utlikne etter eit flott skot. Systrendingane scora ein gong til og kunne gå  til pause med leiing 3-2. I annen omgang kom superjentene frå perla ved Sognefjorden raskt til hektene igjen og to flotte mål av Karina (nr. 11 og 12 for sesongen) førte dei opp i leiinga. Systrendingane gav ikkje opp og utlikna til 4-4. Men berre fem minutt før slutt trefte Martina klokkereint frå om lag 16 meter og 5-4 var eit faktum. No måtte det då verte siger?

 

Men, nei då. Systrendingane pressa på for å få utlikning. Før kampen vart det avtalt med domaren å spele 2x 30 minutt for å vere sikker på at me skulle nå ferga. Domaren bestemte seg imidlertid for å la kampen halde fram ei stund til. Nesten tre minutt på overtid fekk heimelaget straffespark. Straffesparket gjekk sjølvsagt i mål, og domaren kunne blåse av kampen.Skuffa og forbanna spelarar og trenarar måtte berre bite i seg at sigeren glapp. 

Til trass for det bitre poengtapet var det mykje å gle seg over. Å score 5 mål på bortebane er meget bra. Utan Syril sin superspiss hadde det blitt ein klar siger. Gratulasjonar til Syril som har klart å få fram ein så god spelar.I går var det heile 16 jenter med i troppen. Dette er jenter med gode haldningar og som er kjempeflotte  ambassadørar for Balestrand og fotballen i Balestrand. Så får det heller vere at nokre av dei kanskje burde ha vore heime og førebudd seg til mattetentamen dagen etter. Men, som alle veit,  fotball er viktigare enn matte.



Skrive av: Alf M. Høyrem (30.05.07 - 16:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487115 besøk, sidan 18. juli 2005