Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget med uavgjort mot Jølster




Foto:Eirik Thue

Fredag kveld spelte damene ei bra bortekamp mot Jølster. 2-2 vart sluttresultatet etter ein jamn og spennande kamp. "Kom igjen kara" var dagens kommentar.

Jølster kom frå sterke 10-0 mot Årdal før fredagens kamp, men fotball er ikkje mattematikk, og difor stilte ein med blanke ark (utan fargestiftar). Kampen vart spelt på ei tung grusbane, og det verka som om Jølstringane ikkje skjøna alvoret før midtvegs i omgangen. Kanskje var det følgende brøl frå Jølstertrenaren som skulle til: "KOM IGJEN KARA". Ja, ja, han ser kanskje på sine rutinerte spillere som mannfolk...

11 minutt ut i kampen vann Kristina ballen høgt oppe på bana, og slo nydeleg gjennom til Lina som starta perfekt på høgresida. Lina sette fart og parkerte det som var av Jølsterspelarar. Aleine med keeper, sette ho ballen enkelt nede til høgre for keeper. Noko overraskande leia ein 1-0.

7 minutt seinare produserte jentene(damene) eit meget godt angrep. Ballen gjekk frå spelar til spelar på eitt og to touch, og det vart avslutta med at Lina nok ein sette fart på høgresida. Ei flott dragning forbi backen, full fart til dødlinja, og så et hardt innlegg langs bakken. Kristina kom i stor fart bakfrå og flikka vidare til Sara som kom susande mot bakerste stolpe. Enkel oppgåve for Sara, og 2-0 til Balestrand.

Balestrand produserte fleire gode sjansar, og med litt flaks og dyktigheit kunne og burde laget ha leia 3-0. Balestrand var det klart beste laget dei første 25 minutta. Midtvegs i omgangen skifta kampen karakter. Jølster kom inn i kampen og produserte fleire store sjansar. Linn måtte hente fram sitt aller beste ved eit par anledningar. Særleg etter 27 minutt viste ho stor klasse. Eit innlegg frå høgre var avslutta med eit kanonskot frå seks meter. Linn stod godt plassert og fekk skotet rett på seg. Skotet var så hardt at Linn datt bakover, og Ann Kristin fekk måka ballen vekk.

Jølster kom alt for enkelt forbi på høgresida fleire gonger, og etter 32 minutt reduserte dei til 1-2. Jølstervingen lurte Ragnhild og skar inn mot mål. Skotet kom skrått frå cirka 7 meter. Linn klarte ikkje å halde ein "grussleip" ball, og det vart ein enkel jobb for ein umarkert Jølstring å setje ballen i målet.

Ragnhild sleit med vingen sin, og ein valgte derfor å la ho og Hanne bytte backplassar. Hanne sleit òg med å få skikkeleg kontroll på vingen, og 4 minutt før pause vart ho utspelt. Innlegget kom godt slått, og markeringssvikt inne i feltet gjorde at utlikninga var eit faktum. Dei siste minutt til pause hadde Balestrand meir en nok med å få ballen vekk frå eigen målgard.

Jølster skreik etter straffespark etter at Ann Kristin sklitakla inne i 16-meteren. Assistentdommaren stod i ro, og domaren bles ikkje i fløyta. Ei glimrande takling av Ann Kristin. Domaren var heil klar på etter kampen at det ikkje var straffe. Ann Kristin var først på ballen, og taklinga var super. Ikkje mange damer (eller herrar for den saks skuld) som sklitaklar i shorts på grusbane!

Etter ein velfortent kvile, kom laga på bana i striregn klar for dei avgjerande 45 minutta. Ingunn sleit med ein strekk i eine låret frå torsdagstreninga, og ho vart difor sett fram som spiss for å sleppe alle løpa på midtbana. Kristina gjekk ned på midtbana og viste til tider særs gode takter.

Ingen av laga klarte å setje inn fleire mål, og 2-2 var eit heilt greit resultat. Begge laga hadde sjansar til å avgjerde. Jølster skaut høgt over frå fem meter på nesten "blank goal" 5 minutt før slutt. Det var fleire på Balestrandsbenken som heldt pusten då...

Kristina hadde ein stor muligheit til å sikre alle tre poenga minuttet før slutt, men ballen spratt ikkje heilt slik som ho hadde tenkt, og skotet gjekk utanfor. Fleire meinte at heime på "teppet" på Kreklingen, så ville ho ha skåra. Ein bør ta med Heidi tok eit stort ansvar mot slutten av kampen.

Totalt sett ein god kamp av jentene. Særleg dei første 25 minutta var laget verkeleg godt. Siste halvdel av 1. omgang var det mykje som ikkje fungerte. I 2. omgang var det mykje duellar, og begge laga kunne godt ha laga fleire mål.  Positivt at laget omsider hadde funne ut korleis ein skal spele offensivt og produsere målsjansar. Balestrannd vann målsjansestatistikken 12-11.

Kjekt å spele kamp med ein domartrio. Det er første gongen Balestrandslaga har hatt det, og det var ei positiv oppleving.

Alle jentene får absolutt godkjent. Det er mykje å jobbe med vidare, og då særleg offensivt med tanke på bevegelsar og smarte trekk i forkant av avslutningar. Ein slapp Jølster skikkeleg inn i kampen i 1. omgang når press og markeringar vart for dårlege. Dette skal det jobbast med.

Balestrand stilte med dette laget frå start:
Linn, Ragnhild - Ann Kristin - Tonje - Hanne, Lina - Ingunn - Heidi - Anette, Kristina - Sara.

Karita kom inn til eit gledeleg gjensyn og spelte 2. omgang for Tonje. Karita har vore ute med skade og sjukdom i fleire månadar, og det var kjekt å sjå i den blå drakta igjen!

Bjørg Kristine kom inn på venstrekanten for Anette, men måtte dessvette gå ut etter ein smell i hovudet berre 16 minutt seinare. Barbro kom få inn. Frøydis spelte dei siste 7 minutta pluss 3 minutt tillegg for Ragnhild.

Dagens Balestrandsspelar var Kristina Lodden.

Neste kamp er borte mot Kaupanger komande fredag.



Skrive av: Geir Harkjerr (26.05.07 - 16:29)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488722 besøk, sidan 18. juli 2005