Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene tilbake på vinnarsporet




Foto:jarle

Småjentene vann ein velfortent seier då dei slo Bjørn 3-1 på Kreklingen stadion tysdag. Stillinga ved pause var 1-0 til Balestrand. 


Etter den dårlege kampen inne i Aurland sist veke, var jentene tilbake i godt gamalt slag.Dette var ikkje den beste kampen laget har spelt i år, men likevel meir enn godt nok til å slå dei raudkledde frå Gaupne. Periodevis viste jentene godt spel der ballen gjekk raskt framover på få tøtsj. Som i dei førre heimekampane var det god innsats over heile linja.

Denne gongen finn underteikna det på sin plass å skrive nokre ord om Oline. I går laga ho alle tre måla. Det første målet på ei flott heading, medan dei to andre måla kom etter gjennomløpingar. Spesielt det siste målet varma eit fotballhjerte. Åleine med keeper drog ho av keeper med ei vedunderleg venstre-høgre finte før ho sette ballen kontrollert i mål. Vakkert.   

Men det var laget frå Gaupne som kom best i gong og hadde det meste av spelet dei første 10 minutta. Balestrandjentene overtok imidlertid spelet og dominerte stort resten av omgangen utan at dei skapte all verden av sjansar. Laget frå innerst  i Gaupnefjorden la seg langt tilbake på bana, og det var vanskeleg å bryte i gjennom eit overbefolka forsvar. Jentene frå perla ved Sognefjorden, burde likevel ha scora fleire enn eitt mål i denne omgongen.Andre omgong var på mange måtar lik den første. Bjørn starta best, men Balestrand overtok etter kvart det meste av banespelet og laga to mål til, før laget frå nederst i Jostedalen  redusert ein gong på ei av sine få, men farlege kontringar. 

No har jentene vunne alle tre heimekampane komfortabelt, meda dei tre bortekampane har enda med tap. Neste oppgåve vert å bryte ein barriere ved å vinne den første bortekampen for sesongen. Det skal jentene klare på Syril stadion komande tysdag.



Skrive av: Alf M. Høyrem (23.05.07 - 10:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488660 besøk, sidan 18. juli 2005