Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med årsverste mot Aurland




Foto:jarle

Småjentene tapte 3-0 mot Aurland tysdag ettermiddag etter ein dårleg kamp. Spesielt i første omgang viste jentene spel langt under vanleg standard.

Etter tre gode kampar der jentene har fått mykje skryt for sitt gode spel, var det denne gongen  ikkje mykje som varma på eit vått og forblåst Aurland stadion.Ein skulle ikkje tru at dette var same laget som veka før grisebanka Jotun heime på Kreklingen. Heimelaget frå bygda med den ville og vakre naturen hadde tydelegvis bestemt seg for å trå til frå start. Dei vann absolutt alle duellar og var meir på hogget. I medvinden på Aurland stadion festa dei raskt grepet og kjempa godt om kvar ein ball. Før det var gått 20 minutt hadde Berit plukka tre ballar ut av nettet. 

I pausen var jentene samde om å prøve å reise seg  i andre omgang. Det klarte dei berre delvis. I denne omgangen klarte dei å kome seg høgare opp på bana og kunne og burde ha scora to – tre mål på sjansane dei produserte. Men, ein god keeper og litt for upresise framspel og avslutningar øydela. Det vart mykje nesten.  

Denne kampen er det berre å gløyme fortast mogleg. Ei av jentene meinte at alle har gode og dårlege dagar og at dette rett og slett var ein dårleg dag. Ein god og korrekt analyse som underteikna seier seg heilt samd i. Så er det å håpe på at jentene har ein god dag komande tysdag. Då skal dei nemleg møte Bjørn på Kreklingen stadion. Bjørnen er freda i Noreg, men skal likevel skytast i senk når dei vitjar Kreklingen stadion.



Skrive av: Alf M. Høyrem (16.05.07 - 09:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487437 besøk, sidan 18. juli 2005