Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegut 12 møtte overmakta i Høyanger




Foto:jarle

Vi vart litt nervøse når vi fekk greie på at Høyang hadde slått Kyrkjebø/Vadheim 15-0 i sin første kamp. Og det hadde vi grunn til!

Vi møtte eit Høyanglag med ein solid stall og mange gode spelarar. Likevel gjekk gutane offensivt til verket, og det første kvarteret var det jamnt. Vi hadde eit skot i tverligaren og i bakken, og trilla opp nokre bra angrep. Kampen bølga litt fram og tilbake, og trenaren tenkte at vi skal no ikkje tape 15-0 i allefall...

Så fekk Høyang eitt mål. Og like etterpå eitt til. Då gjekk lufta litt ut av Balestrandgutane, og vi begynte å tvile på eigne ferdigheiter. Vi vart baktunge og litt tafatte, medan Høyang på si side kom meir på offensiven. Til pause stod det 4-0!

Etter pause gjekk vi ut med positiv innstilling og reduserte til 4-1. Då øyna vi håp om eit hederleg resultat. Men akk, etter vel 10 minutt kom eit par kjappe mål til Høyang der vi opptrådte ubesluttsamt i forsvar. Så gjentok soga frå 1. omgang seg, og når dommaren bles av stod det 9-1 til Høyang.

Vi må gratulere Høyang. Dei var betre enn oss denne torsdagsettermiddagen - mykje betre. Men vi veit at vi kan betre enn det vi fekk vist her. Så vi får ta med oss erfaringa, og jobbe hardt for å gjere det betre neste gang!



Skrive av: Arne Abrahamsen (15.05.07 - 20:26)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487409 besøk, sidan 18. juli 2005