Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene knuste Jotun



Glade jenter og leiarar etter storsigeren
Foto:jarle

Småjentene vant 7-1 over Jotun tysdag kveld etter tidvis godt spel.

Det var imidlertid Jotun som starta kampen best, og  var det førande laget dei første 10 minutta. Jentene frå perla ved Sognefjorden, tok imidertid etter kvart over banespelet. Frå det 17. til det 20. minutt scora jentene tre mål! To av måla vart scora etter flotte angrep der ballen gjekk raskt og presist framover med sikre avslutningar.

Jotunjentene trudde nok knapt det dei såg, og klarte aldri å kome tilbake etter denne kalddusjen. Balestrand sitt mål nr. fire var av det vakre slaget. Mathilde sitt frispark frå om lag 18 meter gjekk i vinkelen og inn. Høgrøysta Jotuntrenarar kunne høyrast over Kreklingen stadion i byrjinga av kampen. Ropinga avtok gradvis, og etter denne scoringa vart det stille.

Andre omgang starta med at Jotun fekk eit "tullemål". Jentene haldt imidlertid konsentrasjonen oppe og scora tre mål til  før den gode domaren kunne blåse av kampen. Dette var ein lagseier med stor L. Kjempeinnsats av alle jentene. Det vert difor feil å trekke fram einskildspelarar, men Mathilde sitt gode stopparspel og Karina sin scoringsteft ( 4 mål i går - 10 mål på 5 kampar) bør vel etter kvart gje dei muligheiter til å prøve seg på krinslaget (f. 93). Fin framgang for alle jentene.

Neste kamp vert borte mot Aurland tysdag. Møt gjerne opp og sjå jentene møte Bjørn på Kreklingen stadion 22. mai kl. 18.00. 


Karina i fint driv
Foto:jarle


Torunn og Mari med full kontroll
Foto:jarle



Skrive av: Alf M. Høyrem (09.05.07 - 15:15)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487180 besøk, sidan 18. juli 2005