Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane med ny storsiger




Foto:Kjetil Nesse

Hafslo møtte overmakta frå Balestrand, og måtte plukke 6 ballar ut av nota, medan
Ole Tjugum i Balestrandmålet måtte sjå ein ball bak seg.

Balestrand kom til Hafslo med tru på siger, samt at me skulle få spele på gras.
Problemet var berre at det var meir snø enn gras på Moane.
Kampen måtte gå på ei forferdeleg grusbane.
Alle Balestrandspelarane stilte i grassko, og det prega ogso spelet i store delar av kampen.
Det blei mange vonde bein og såre knokar.
Hafslobygdingane hadde ogso ein tendens til å stemple spelarane våre gong etter gong.
Ein annan faktor som påverka spelet var den tragiske dommaren frå Veitastrond, som nok var ein tanke snøblind etter vinterdvalen.


Hafsloingane fekk herje på med Balestrendingane i 70 minutt, utan at han let seg påverka av det.
Til slutt hadde me 5 skada spelarar på benken, men dommaren var nøgd med at våren nærma seg, og lyden frå fløyta var like fråværande som lyden frå trekkfuglane som nok hadde styrt unna Moane så tidleg på våren.


Når me so skal snakke om spelet, var Balestrand totalt overlegne i begge omgangane, og Hafslobygdingane var heldige som slapp so billeg unna.
Resultatet kunne lett vore to-sifra, og 15-1 hadde ikkje vore ufortjent.


Furuskogen bak målet trl Hafslo treng ikkje beskjerast i år. Ballane hagla rundt øyrene til Hafslo-keeperen, men dei aller fleste havna i furuskogen bak målet til Hafslo. Dei ville berre ikkje inn i mål, men me sa oss allikevel nøgd med resultatet.


Sondre Skrede gledar seg allerede til møtet med Hafslo fyrstkommande mandag.
For fyrste gongen denne sesongen vil me nok møta eit godt lag.
Vil du ha god underhaldning legg du turen til Kreklingen måndag kveld kl. 19.00.

Det vert sjølvsagt sal av kaffi og kaker!!



Desse scora måla for Balestrand:
Adrian W. Nesse 4 mål
Per Aki Kvikne 1 mål
Kristoffer Lidal 1 mål.



Skrive av: Kjetil Nesse (08.05.07 - 23:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488659 besøk, sidan 18. juli 2005