Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Svak serieåpning av damelaget




Foto:Geir Harkjerr

Ein heller dårleg kamp mellom to rufsete lag kan ein oppsummera serieåpninga på Jotun stadion med.

Kampen starta med mykje "kick and run", eller for å vere heilt korrekt mykte "kick" og lite "run". Ingen av laga fekk til noko særleg.

18 minutt ut i kampen vart Årdal tildelt straffespark etter at Linn slengte seg i føtene på ein Årdalspelar som datt. 1-0 til heimelaget var eit faktum. Straffesparket heilt korrekt idømt, men det som er synd, er at i trekket før var det offside...

Balestrand tok initiativet utover i omgangen, og var best til å halde ballen laget. Då skårar som kjend ikkje motstandaren. Det gjer heller ikkje laget med ballen dersom ein ikkje klarer å spele seg fram til målsjansar.

Bjørg Kristine kom inn som spiss for Anette etter 30 minuttar. Ho gjorde ein flott innsats og sette seg i respekt. Det vart likevel ikkje produsert meir en to målsjansar etter etablert spel. Det er alt for lite.

Laga gjekk til pause med 1-0 leiing til heimelaget.

Silje Thorsnes gjekk ut og Anette kom inn når 2. omgang starta. Balestrand var no klare for å "reise kjerringa" og byrje med å skape noko framover. Det gjekk heller dårleg. 3 minutt ut i omgang gjekk Årdal opp til 2-0. Forsvarsfiraren låg heilt perfekt og kaptein Ann Kristin styrte offsidelinja. Linn var heller ikkje heilt med og trudde det var offside. Domaren bles ikkje og Årdal kunne setje inn sitt andre mål så godt som uhindra. Rett nok skal ein spele til domaren bles, men det må vere grenser! Håplaust at ein ikkje ser offsidar der angripar er minst fem meter i offside...

Vel, nok om det. Balestrand fortsette med å ha ballen mykje, men det vart ikkje skapa meir en to målsjansar i denne omgangen heller.

Etter 20 minutt gjekk ein over til å spele 3-4-3. Like etter måtte Silje Totland gje seg med krampe, og nye rokkeringar. Ingunn og Ragnhild vart sett fram utan at ein lukkast nemneverdig. Kampen ebba ut med seier til Årdal.

Det positive frå kampen, er at det deffensive spelet fungerte til tider tilnærma perfekt. Keeper og forsvarsfiraren var gode, og dei spelte slik vi trena på. Det var òg gledeleg å sjå at ein trøkka til i duellane og var tøffe og kontante i spelestilen. Her var det stor framgang frå i fjor.

Framover var det lite og nesten ingen ting som fungerte. Noko skuldast at sentrale angrepsspelarar ikkje var med grunna andre aktivitetar, og noko skuldast at dei spelte framme ikkje heilt hadde dagen.

Ein må ta med seg det positive, men ut overdet ovannemnde var det ikkje så sprekt.

Dagens balestrandsspelar: Ragnhild Kråvik. Ho gjorde ein flott innsats som ein av banas yngsgte spelarar. Sprang mykje, og har vorte flink til å bruke farten og kreftene på rett måte. 

Balestrand starta med fylgjande lag frå start: Linn - Marte, Silje Totland, Ann Kristin, Hanne - Silje Thorsnes, Ingunn, Heidi, Ragnhild - Barbro, Anette.

Bjørg Kristine og Sandra kom inn som innbyttarar.

Fredag 11. mai kjem Sogndal på besøk til Kreklingen. Vi har ei veke på oss til å forbetre angrepsspelet, og det skal vi klare. I tillegg slo damene Sogndal i treningskamp tidlegare i vår. Det er duka for ein spennande kamp og forhåpentlegvis mykje publikum. Det er som kjend Balejazz neste helg!



Skrive av: Geir Harkjerr (05.05.07 - 14:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488654 besøk, sidan 18. juli 2005