Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutt 12 med sterk snuopperasjon



Lillegutane i 2006 (Arkivbilete)
Foto:jarle

Balestrand sine lillegutar 12 år låg under med 0-2 til pause mot Vik i årets første seriekamp på Kreklingen. Men stor vilje og innsats i andre omgang ga uttelling...


Årets første seriekamp for lillegut 12 år gjekk i strålande sol på Kreklingen stadion. Foreldre, søsken og andre supporterar var møtt opp for å heie fram laget og skape stemning. Kaffi, vaflar og meir til var til sals i midtsirkelen, og det var i det heile ei fin ramme rundt serieopninga.

Då lillegut 12 har litt få spelarar, og det lenge var litt usikkert med ein spelar, huka vi inn Martine i troppen. Så kom alle likevel, og vi kunne stille med følgjnde tropp: Tommy, Bas, Knut, Viljar, Roger, Anton, Birk, Eirik, Håkon og Martine. Då dommar Lars Kjetil Feidje Nordeide bles i gang kampen var vi nok litt spente. Kampen var jamn utover 1. omgang. Vi spelte bra i forsvar, men sleit med å få til samspel og rytme i angrepsspelet. Det var difor ikkje ufortent at Vik gjekk opp til 0-1 etter å ha pressa oss tilbake på bana i delar av omgangen. 0-2 målet var litt heldig, men av den vakre sorten. Ein susar frå langt hald som slo i tverligaren og ned i bakken inni mål.

Etter pause kom Balestrand ut på bana med god innstilling! Løp og pasningar begynte å sitte litt betre. Etter nokre sjansar, mellom anna eit susande stolpeskot, kom ei velfortent utlikning til 1-2. Ei redusering gjev ekstra energi! Det tok ikkje lang tid før det vart 2-2 og 3-2 til Balestrand. Vik prøvde å slå tilbake, men Balestrand spelarane jobba svært god i forsvar og bakerst tok Tommy seg av det som kom. Dette gav rom framover og med det vilkår for overgangar. Dette vart utnytta godt, og då dommar Lars Kjetil bles av var det 5-2 til Balestrand. Ein sliten, men tydeleg lukkeleg og fornøgd gjeng takka for kampen. I dag jobba alle bra, vi hadde 4 forskjellige målscorar og vi framstod som eit lag. Det er noko å bygge vidare på!



Skrive av: Arne Abrahamsen (04.05.07 - 12:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487119 besøk, sidan 18. juli 2005