Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sondre Skrede ny hovudtrenar for smågutane




Foto:Kjetil Nesse

Sondre Skrede (17) tek over som hovudtrenar for smågutane i 2007 sesongen.
Sondre har fartstid som spelar både i Høyang og Balestrand. Poengjakta er i gang allerede, og trenarkarriera starta med 7-0 seier over Aurland på Kreklingen mandag.

Sondre har no overteke trenaransvaret etter Terje Midttun som er mykje vekkreist grunna arbeid andre stader i fylket, og Sondre ser på trenarjobben som utfordrande og interessant.

Allerede i fyrste kampen fekk laget hans vist at dei har kvalitetar som ligg langt over andre lag på større stader i fylket. Etter 7-1 sigeren over Vik i fyrste kampen , overkøyrde Balestrand Aurlendingane på Kreklingen mandag kveld.

Kampen enda 7-0, men sigeren kunne lett vorte dobla om Balestrand hadde hatt flaksen på si side.
Sondre seier at han i den fyrste kampen ville prøve ut dei ulike spelarane, og alle fekk prøve seg i kampen, sjølv om det vart ulik speletid.
Når ein har 21 spelarar til rådigheit, seier det seg sjølv at ikkje alle får spele like mykje.

Han seier vidare at innsats og oppmøte på trening vil telje tungt når han tek ut laget til neste kamp mot Syril den 7. mai.

Før det skal me trene hardt og intensivt seier Sondre med eit smil, og er ikkje i tvil om kva lag som vil toppe tabellen ved sommarferien.

Me ynskjer han lukke til, og ser fram til å sjå fleire gode kampar på Kreklingen denne våren.

På biletet under ser me Sondre halde taktikkmøte før møtet med Aurland.



Foto:Kjetil Nesse



Skrive av: Kjetil Nesse (26.04.07 - 20:24)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487112 besøk, sidan 18. juli 2005