Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med seier mot Lærdal




Foto:Alf M. Høyrem

Småjentene vant ein overbevisande seier mot Lærdal på Kreklingen stadion tysdag ettermiddag. Jentene dominerte kampen og vant til slutt 5-0.
Dermed fekk jentene revansje etter det sure tapet mot Årdalstangen i sesongdebuten. Spesielt i første omgang viste jentene mykje godt spel og dominerte kampen totalt. Berit i mål fekk låne ballen berre eit par gongar i denne omgangen. God innsats av alle jentene der spesielt midtforsvaret med Mari og Mathilde hadde full kontroll. Dei to hurtigtoga Oline og Karina fekk gode arbeidsforhold framover på bana og løp frå forsvaret gong på gong. Jentene frå Balestrand kunne difor gå til pause med leiing 4-0. Lærdølene yppa seg litt i byrjinga av annen omgang, men hadde lite å by på. Jentene våre klarte ikkje å halde same trykket i andre omgang som i første, men var aldri trua i denne omgangen heller og putta på ein gong til slik at sluttresultatet vart 5-0. Oline laga tre av måla, medan Karina scora to. Gledeleg å sjå at trening gjev resultat. I fjor tapte småjentene klart i begge kampane mot Lærdal. Denne gongen var jentene klart betre enn motstandarane. På treningane vert det trena mykje teknikk. Det var difor  ekstra kjekt å sjå at jentene våre jamt over hadde betre teknikk enn jentene frå bygda med den legendariske lakseelva.Allereie 2. mai får jentene vise kva dei er gode for når dei skal til regionsenteret i indre Sogn og spele mot  Sogndal 1. Sogndølene har så langt vist seg som det klart beste laget i serien med kalasseiarar i dei to første kampane.

 



Skrive av: Alf M.Høyrem (25.04.07 - 09:59)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487207 besøk, sidan 18. juli 2005