Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene tapte etter å ha leia 3-0 til pause




Foto:Alf M. Høyrem

Småjentene tapte diverre sin første seriekamp mot Årdalstangen 4-3 etter å ha leia med tre mål til pause på Cuba stadion tysdag ettermiddag.

 

 

 


Ergeleg, men ikkje urettferdig ut frå spel og sjansar kampen sett  under eitt.

Det var Årdølene som starta kampen best, og kunne ha leia med fleire mål etter berre nokre minutt i det sure og kalde, og ikkje minst våte, vårveret. Jentene frå perla ved Sognefjorden var imidlertid svært giftige på sine kontringar, og etter to scoringar av Karina og ei scoring av Oline, kunne jentene gå til pause med leiing 3-0. Tre flotte scoringar der Karina og Oline fekk vist noko av sitt potensial.

Til tross for eit kraftig regnskyll, såg difor alt lyst ut. Ei stund. Men, ein fotballkamp inneheld som kjend (minst) to omgangar.

Det var eit aggressivt heimelag som kom på bana etter pause. Etter berre kort tid reduserte dei til 3-1, og i løpet av ein periode på om lag 20 minutt scora dei tre mål til.  I denne omgangen var det heimelaget som scora på alt av sjansar. Ein svært god og rask midtspiss var svært vanskeleg å få tak på for våre jenter. Jentene frå Balestrand klarte diverre heller ikkje å produsere mange og gode nok sjansar i denne omgangen til å score mål, sjølv om dei var farleg frampå eit par gongar.

Surt for jentene, men her er det ikkje tid til å deppe. Enno gjenstår det 8 seriekampar (!) før sommarferien og allereie komande tysdag er det tid for revansje når Lærdal vitjar Kreklingen stadion.



Skrive av: Alf M.Høyrem (19.04.07 - 15:33)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487446 besøk, sidan 18. juli 2005