Våre sponsorar
|

Smågutane utklassa Vik i serieåpninga

Foto:Kjetil Nesse
|
Smågutane åpna sesongen med å utklasse Vik på mandag. Resultatet blei 7-1.
Me reiste til Vik med eit håp om å kunne få ein god start på sesongen, og me skulle berre visst meir der me sat på ferja på veg mot Vangsnes.
Me bestemte at denne gongen skulle gjere ei dristig forandring i startoppstillinga. Reiner som før har spelt spiss, bytte plass med Kim Andrè som heile vegen har spelt i forsvar. Dette skulle vise seg å være eit smart byte. Reiner spelte som ein gud i forsvar, og sanneleg laga også Kim 6 mål som spiss.
Kim var raskare enn alle vikjene til saman, og parkerte forsvaret til Vik.
Stillinga var 2-1 ved pause, men i andre omgang hadde nok Vikjene mest lyst til å springe over Vikafjellet, sjølv om der var stengt. Taktikken var lange ballar frå midtbana mot Kim, som sprang gjennom gang etter gang, og det hadde ikkje vore ufortjent om resultatet hadde vore 2-sifra.
Me gledar oss alt til kampen mot Kaupanger på mandag kl. 19.
Har du ikkje hatt god underhaldning på ei stund, ja sp kan me anbefale at du tek ein tur på Kreklingen. Sjølvasagt vert det sal av kaker, brus og kaffi.
|