Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Herrelaget møtte Høyang-gutane




Foto:

Det var ein fin dag for fotball få Høyang sitt gutelag hadde teke turen til Balestrand for å spele treningskamp mot gamlekara frå eplebygda...
Sygna-elevane var vekkreist denne dagen, difor møtte dei eit Balestrand-lag med ein relativt høg snittalder. Men gutane frå Høyanger beit godt i frå seg, og ein kunne tydeleg sjå at desse har meir trening og var meir samspelte enn balestreningdane. Trenarteamet til BIL brukte kampen hovedsakleg til å innarbeide 4-3-3 formasjonen ein håpar å få laget til å spele gjennom sesongen, og å få svar på kva posisjonar ein kan nytte ulike spelarar i. Den store og gledelege overraskinga kom på midtstopparplass, der det nye stopparparet med Ole-Martin og Kristian storspelte og skal ha mykje av æra for at Balestrandingane gjekk sigrande ut av oppgjeret. Sjølv om resultatet ikkje har so mykje å sei i ein slik kamp, og kanskje ikkje fortel heile sanninga bak kampen, er det jo alltid kjekt å vinne. Dette var også eit høve til å sjå den lovande balestrendingen Eirik B. Skasheim som til dagleg spelar for gutelaget i Høyanger. Han fekk seg desverre ein smell i kneet tidleg i kampen og måtte sjå kampen frå benken. Me ynskjer han god bedring, og håpar smellen ikkje var alvorleg.
For Balestrand sin del bar kampen preg av at ein mangla samspel, og kanskje litt trening? - i tillegg til at ein hadde ein del spelarar som spelte på uvante plassar... Vidare vert det trening tysdag og fredag før ein på søndag skal prøve seg mot dei tilsette på Sygna.
Ein anna gledeleg element var at det møtte mange for å sjå kampen - håpar ein klarer å halde publikumsnivået på eit slikt nivå utover sesongen!


Skrive av: Lars Jonas (16.04.07 - 15:02)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487452 besøk, sidan 18. juli 2005