Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med seier mot Høyang


Småjentene vann 3-2 i årets første treningskamp mot Høyang i industristaden onsdag kveld, etter at dei raudkledde leia 2-1 til pause.

Artig for jentene som fekk att for stor treningsiver. Med tanke på at jentene før kampen hadde minimalt med trening på stor bane etter ein lang vinter inne i Belehalli, og at dette var første kamp med 11 ar fotball for mange, var det ein god del å glede seg over sett med trenarauge. Det vart sjølvsagt gjort ein del ”nybegynnarfeil”, skulle berre mangle, men desse bør lett rettast opp før neste kamp. Spesielt gledeleg at forsvarsarbeidet fungerte så pass godt etter berre ei treningsøkt på eit delvis snødekt Kreklingen stadion kvelden før.

 

 

No skal jentene heim og trene angrepsspel. Gledeleg og å sjå at laget har masse fart framover på bana. Etter påske vert det ny treningskamp mot Høyang, før alvoret tek til 17. april mot Årdalstangen på Cuba stadion.

Skrive av: Alf M. Høyrem (21.03.07 - 22:50)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487481 besøk, sidan 18. juli 2005