Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Utviklingsplan under utarbeiding




Foto:Geir Harkjerr

Ein er no i gang med å skrive ein utviklingsplan for fotball i idrettslaget. I tillegg til ein øvingsbank, vil dette verte eit sentralt dokument for BIL.

Alle trenarar og oppmenn har fått tilsendt utkast/forslag til utviklingsplan. I tillegg er det utarbeidd ei vedleggsmappe med diverse reglement.

Det vil òg verte laga eit "levande" dokument i form av ein øvingsbank. Her vil trenarar og leiarar kunne finne tips til øvingar for dei ulike aldersstega.

Delar av innhaldsfortegninga i utviklingsplanen

Dersom det er andre som har lyst til å lese gjennom utkastet til utviklingsplanen for fotballen i Balestrand Idrettslag, så ber ein om at det vert teke kontakt med Geir Harkjerr. Ein vil då få tilsendt planen med vedlegg på mail. (Føreset sjølvsagt få at ein oppgjev mailadresse som ein ynskjer dokumenta sendt til.)

Ein ser føre seg at det til dømes er spelarar, foreldre/føresette, representantar frå andre grupper, og eventuelt andre som kunne ha interesse av å sjå planen før den vert vedteken.

Det er berre ein fordel at flest mogeleg leser gjennom dokumentet og kommenterar det!

Frist for uttale er sett til tysdag 20. mars! Tilbakemeldingar skal gjevast til Geir Harkjerr.



Skrive av: Geir Harkjerr (07.03.07 - 19:45)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488622 besøk, sidan 18. juli 2005