Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Juniorlaga utan sportsleg suksess i KM




Foto:Geir Harkjerr

Det vart ikkje mykje å skrive heim om frå innsatsen under KM-sluttspelet, i alle fall ikkje med positivt sportsleg forteikn...


19 jenter, derav 2 tilskodarar reiste frå Balestrand laurdag ettermiddag med Nodfjordhallen og Måløy som målet. Trond, Anne Margrete, Svein og Geir tok seg av køyring og praktiske gjeremål.

Laurdagskvelden var det Taco på menyen. 4 kilo kjøtdeig og eit lass med grønsaker og anna godis vart sett fram. Spelarar og støtteapparat åt seg gode og mette. Tannpuss og soving på klasserom avslutta ein flott og sosial kveld.

Taco var godt som kveldskos etter ein lang køyretur

Søndag morgon gjekk revelja klokka 0840, og frukosten var klar klokka 0900. Etter eit lite spelarmøte, rusla gjengen ned i hallen og varma opp til første kamp.

Frukostbord nesten som på eit hotell

Balestrand 1 var først i elden. Ei særs dårlig åpning med 0-3 etter kort tid. Spelemessig kom det seg noko utover i kampen, men kampen mot tapande Førde Cup-finalist Dale var eit faktum. (og om nokon ikkje hugsar det, så var det Balestrand som vann Førde Cup).

Lina, Barbro og Hanne (frå høgre) kjempa godt

Balestrand 1 fortsette med 2-2 mot Eid. Anette og Barbro laga kvar sitt flott mål. I siste kampen vart det tap 1-3 mot finalist Bremanger 1. 0-1 kom tidleg, men jentene kjempa seg inn i kampen. Diverre vart det i ein god Baletrandperiode 0-2. Anette reduserte så til 1-2 med eit flott skot. Kampen bølga fram og tilbake dei 3-4 siste minutta. 1-3 kom minuttet før slutt. Game over for Balestrand 1.

Balestrand 2 møtte Breimsbygda i første kamp. Ann Kristin gav oss 1-0 tidleg, og laget såg ut til å hafull kontroll. Fem minutt før slutt gav Linn ein unødig retur som Breimsbygda utnytta effektivt og sette i mål. Frå så og ut var laget ikkje til å kjenne att. Berre surr og tull, og det heile toppa seg med 1-2 minuttet før full tid.

Ingunn avsluttar eit av mange angrep mot Breimsbygda

I kamp to var det Høyang som stod for tur. Det stod lenge 1-1 etter skåring av Sara. Ingunn kunne og burde ha avgjort kampen til Balestrand sin fordel. Skot i tverrliggar, ein susar like over, og ein god Høyangkeeper hindra fleire Balestrandmål. Høyang kontra inn 1-2 når det var 18 sekundar att.

I siste kampen møtte laget Florø 1. Eit nytt 1-2 tap vart resultatet. Ingunn skåra. Game over for Balestrand 2 òg.

Stilstudie av "Kæpten"

Pølser og brød vart fortært av sultne magar, før ein sette kursen heimover.

Ein stor sportsleg nedtur, men ein ny sosial suksess kan ein vel kort oppsummare helga med.

Svein, Trond og Anne Margete sørga for god mat og bidro til mykje latter



Skrive av: Geir Harkjerr (05.03.07 - 18:17)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488721 besøk, sidan 18. juli 2005