Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Støtteapparatet til damelaget er på plass



Lagbilde frå sesongen 2006
Foto:Eirik Thue

I skrivande stund tel damelaget 22 spelarar og heile 7 personar i støtteapparatet!


Nye spelarar er klare til innsats for damelaget. Nokre er elevar på Sygna, medan andre har kome frå eigne rekker. Desse vil verte presentert på heimesida litt seinare.

Laget er framleis ungt, men sesongen 2006, som var debutten på seniornivå, gav laget ei god og nyttig erfaring. Truleg lærte ein ganske mykje om kva som krevst som seniorspelarar.

Laget er i full gang med førebuingane til neste sesong. Sidan 2. januar har laget trena fire gongar veka. Trening med ball måndag 2000-2130, torsdag 2000-2200 og søndag 1700-1830. Kondisjonstrening tysdag eller onsdag frå klokka 1930.

Spelarar har ein eigentleg nok av, men personar til å vere med i støtteapparatet rundt jentene tok det noko tid å få på plass. Hovudtrenar Geir fekk etter kvart med seg dei som han ønska.

Jarle, Kristian, Geir, Svein og Alf

Det er difor ei glede å presentere gjengen som skal ivareta spelarane sportsleg, sosialt og medisinsk den komande sesongen!

Oppmann Trond har alltid godt humør

Hovudtrenar: GEIR HARKJERR
Oppmann: TROND KRÅVIK
Assistenttrenar: SVEIN FEIDJE
Assistenttrenar: ALF M. HØYREM (er òg trenar for småjentelaget)
Keepertrenar: JARLE GEITHUS
Kondisjonstrenar: KRISTIAN KYRVESTAD
Medisinsk ansvarleg: INGUNN S. FEIDJE

Medisindame Ingunn

Det vert jobba med ein eigen link for damelaget på heimesida, der ein vil finna terminliste, resultat, tabellar, adelskallendar, presentasjon av spelarar og sponsorar.



Skrive av: Geir Harkjerr (14.02.07 - 21:29)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487158 besøk, sidan 18. juli 2005