Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


HANDBALLGUTANE ER I FLYTSONEN




Foto:jarle

HANDBALLGUTANE HAR VERKELEG UTVIKLA SEG DENNE SESONGEN...


 

Handballgutta i flytsonen

Etter ein litt treig start med slitekampar har det løsna for handballgutta i G12-serien.

Etter nyttår har handballgutta spelt 3 kampar her i Belehalli. I alle desse kampane har laget til tider vist flott handball. Det har vore fin framgang både hos einskildspelarar, men ikkje minst i måten spelarane samhandlar på.

Første kampen var ein ettermiddagskamp onsdag 24.januar. Vi tok då imot handballgutta frå Vik. Dette er ein fin gjeng med eit par hartskytande karar. Balestrandguttane overraska nok både Vikjene, trenarane og seg sjølv. Etter storspel i første omgang var kampen i realiteten avgjort til pause. Då kampen var slutt stod det 21-13 til Balestrandgutane. Dette er første gang vi har klart å score over 20 mål i ein kamp, og vi fekk då også sjå mykje fint angrepsspel. Fine kombinasjonar der bakspelarane kjem i stor fart inn mot forsvaret før dei mottek ballen, og på grunn av det får til gode avslutningar frå distanse. Vi fekk også sjå mange fikse innspel til streken som gang på gang vart sett sikkert i mål.

Laurdagen etter var det dobbeltkamp mot Årdalstangen sitt første- og andrelag. Bortekampane tidleg i januar endte med ein siger og eitt tap. Desse kampane var prega av at samspelet ikkje var spesielt godt, samt nokre episodar med høg temperatur med fokus på dommarane og motspelarar. Dette var forhold vi ville rette på - både få til god handball og ei god god og triveleg sosial ramme kring kampane!

Vi klarte begge delar! Gutane heldt fram der dei slapp mot Vik på onsdagen. Flott spel der stadig nye spelar "knekker koden" og gjer gode prestasjonar. Andreas Bjerk, Endre Offerdal gjorde sine første mål til stor glede for dei andre spelarane. Då vi pakka saman hadde vi vunne begge kampane med henhaldsvis 19-14 og 14-11, og med det innkassert 4 nye poeng.

Til helga er det avslutning av serien for gutane. Heile 3 kampar skal spelast. Først to kampar mot Jotun 1 og Jotun 2  i Øvre Årdal på laurdagen, før vi avsluttar mot Vik i Blixhalli i Vik på sundagen. Vi kryssar fingrane.. og trur på ei fin handballhelg.



Skrive av: Kjetil Nesse (13.02.07 - 21:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488628 besøk, sidan 18. juli 2005