Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ingen suksess for småjentelaga under kvalifiseringa til KM




Foto:Alf M. Høyrem

Det blei ingen suksess for småjentene under kvalifiseringa til KM i Høyanger i helga.

 

Jentene hadde med to lag. Det var ingen toppinga av laga, sjølv om det på førehand var størst forhåpningar til lag 1, ettersom fire av jentene på laget var med i tilsvarande turnering i fjor. I tillegg har dei erfaring frå Førde cup. Likevel, fin innsats av begge laga.

 

 

Begge laga vant ein og tapte to av kampane. Det var imidlertid svært jamne kampar og berre marginale skilnader mellom laga som deltok i småjenteklassa. Begge laga spelte heilt jamt med gruppevinnarane som gjekk til sluttspelet. Berre 5 treningar innandørs etter nyttår var nok litt for lite for å kunne hevde seg denne gongen.

 

 

Mange jamgode jenter gjev likevel håp om eit bra 11- ar lag når utesesongen tek til dersom alle held fram med å møte på treningane.Etter kampane var det full fart i Høyangerbadet for jentene.

Skrive av: Alf M. Høyrem (13.02.07 - 21:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487487 besøk, sidan 18. juli 2005