Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Vellukka samling for småjentene i Belehalli




Foto:Alf M. Høyrem

Fredag klokka 1900 møtte 17 forventningsfulle spelarar, to spente trenarar, og ein oppmann til "treningssamling" i Belehalli

Etter ei kort teoretisk innføring i innefotballen sine hemmeligheter, var det treningsøkt med drilling av angrepsspel. Ei god økt med god innsats og høg intensitet.

Jentene åt pizza frå Sunnmøre

 

 

Etter treninga  smaka det difor godt med pizza  frå Sunnmøre (utan musehalar) og brus.Etter ein runde med quiz, styrte jentene stort sett seg sjølve med aktivitetar i hallen.Etter planen skulle jentene vere  i seng innan midnatt. Kvelden gjekk imidlertid fort og klokka vart nærare 01.00 før jentene begynte å finne roen. ”Tjukkasane” i hallen fungerte fint som liggeunderlag.



Jentene gjer seg klare til legging
 

 

Å overnatte inne i ein mørklagt stor idrettshall kan vere skummelt. Spesielt når vindrosene tek tak og får det til å knake og brake i bygningen. Kl. 02.30 hørtes to kraftige smell. Sannsynlegvis var det ytterdørene i hallen som smalt igjen. Nokre av jentene vart nok litt skremte og meinte at dei i tillegg til bråket hadde sett to personar i ei av inngangsdørene. Ein rask inspeksjon klarte imidlertid ikkje å avsløre inntrengarar i hallen. Litt skummelt var det nok, og det gjekk lang tid før alle sovna.



Mr Skrede og Mr Thue

 

 

Det var difor ein del trøytte jenter som etter kvart vakna til liv laurdag morgon. Etter frukost var det ny treningsøkt litt over kl. 10.00. Jentene var nok ikkje like spreke som kvelden før etter minimalt med soving, men viste likevel fin innstilling.

 

 

Alt i alt ei kjempe kjekk samling. I tillegg til god innsats på treningsøktene, viste jentene at dei er sosialt flinke. Dei kom godt over eins med kvarandre og det virka som om dei kosa seg.Ei positiv gruppe som det skal verte spanande å jobbe vidare med.Stor takk til oppmannen som viste stor innsats og initiativ og til foreldra som ordna med maten.

 



Skrive av: Alf M. Høyrem (10.02.07 - 10:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488656 besøk, sidan 18. juli 2005