Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Thue skåra to på Grobbelaar




Foto:

14 sekund trengte Eirik Thue på å setja ballen trygt i nettet bak Liverpool sin legendariske keeper, Bruce Grobbelaar

Old Boys gjengen frå Balestrand reiste tidleg laurdag morgon til Årdal for å vere med på den årlege veteranturneringa der. "Gamlegutane" frå Balestrand som var med, var Eirik Thue, Odd Arild Lunde, Senad Demirovic, Per Inge Bale, Hans Olav Bale, Sveinung Alværn og Geir Harkjerr.

Det heile starta klokka 1045 med kamp mot Jotun sine gamle 3.divisjonsspelarar. 0-1 var vel kanskje eit greit resultat.

Så stod Tempo med Bruce Grobbelaar i spissen for tur. Høgdepunktet kom allereie etter 14 sekundar av kampen. Eirik banka ballen nådelaust bak ein sjanselaus Grobbelaar. Nokre sekund seinare stod det 1-1...2-5 stod det då den fjorten minuttar lange kampen var slutt. Eirik laga det andre målet til BIL-laget òg.

Bruce Grobbelaar måtte gje tapt to gonger for Thua

1-8 mot Jondal (mål av Sveinung), 1-6 mot Djerv 1919 (altså uavgjort) (mål av Senad), gjorde sitt til at siste kampen vart spelt utan heilt stor betydning. 1-4 mot Lærdal avslutta Balestrand med. Eirik laga målet her.

Djerv 1919 sin keeper diskuterte litt med underteikna før kampen mellom våre lag. Han meinte at dei sleit noko med organiseringa. Etter ein kjapp, og eigentleg unødvendig, konsultasjon med eigne spelarar, kunne underteikna gjev beskjed at "alt" mangla hos Balestrand.

Humøret var på topp trass mange tap. Keeper Geir tok bilete.

Vi hadde det i uansett kjekt i Øvre Årdal denne laurdagen. Planlegging for neste års turnering er allereie i gang, og då kan vi kanskje melde oss på i veteranklassa.



Skrive av: Geir Harkjerr (29.01.07 - 17:17)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487216 besøk, sidan 18. juli 2005