Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Avslutning av fotballskulen




Foto:Alf M. Høyrem

Fire småjenter frå Balestrand var med på fotballskulen i fjor haust. Ein markerte avslutninga i Sognehallen sist helg.


Fire småjenter frå Balestrand var med på fotballskulen i fjor haust. Desse var Mari, Mathilde, Martina og Karina. Søndag 14. januar var det avslutning i Sognehallen. Avslutninga fungerte og som uttak til sonelaget.  

Det har vore gjennomført tre fotballskuler i Sogn. I ”team Høyanger” var det med spelarar frå Høyanger, Balestrand, Kyrkjebø og Vik. Det var meininga at det skulle spelast to kampar der lag samansett av dei tre fotballskulene skulle spele mot kvarandre.

 

Grunna få spelarar frå fotballskulen lengst inne i fjorden (Årdal), vart desse spelarane fordelt mellom ”team Kaupanger” og ”team Høyanger”. Det vart difor spelt to kampar mellom laga frå Kaupanger og Høyanger slik at alle skulle få prøvd seg.



Jentene måtte spele i Høyanger IL sine drakter.
Då var det godt å ha med seg ei Balestrand drakt

 Alle jentene gjorde ein fin innsats. ”Team Kaupanger” var imidlertid eit nummer for stort og var eit klart betre lag. Den første kampen tapte jentene 1-0, medan dei tapte den andre kampen 4-0.Det var vanskeleg for spelarane  å få  vist seg fram ettersom dei til tider vart køyrd over av motstandarane. Spesielt vanskeleg var det for dei som spelte i angrep.



Litt smågodtar før heimreise

 

Litt tilfeldig vil det alltid verte når ein skal plukke ut spelarar til eit sonelag. Heldigvis slapp Mari og Mathilde igjennom nålauget, og har no fått melding om at dei er to av i alt atten spelarar som er tekne ut til sonelagssamling (Sogn) i Sognehallen søndag 28 januar. Det vert då kampar mellom dei tre sonelaga, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Ut frå denne turneringa vert det så teke ut eit kretslag. Så her er det berre heim og trene.Uansett, ei nyttig og forhåpentlegvis hyggeleg røynsle for jentene.

 

 

   

 



Skrive av: Alf M. Høyrem (19.01.07 - 17:14)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487453 besøk, sidan 18. juli 2005