Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Møte for jentespelarane - NB nytt tidspunkt




Foto:jarle

Jentespelarar og foreldre inviterast til informasjonsmøte i Belehalli, onsdag 10. januar klokka 1930.

Velkomen til sesongen 2007.

 

I utgangspunktet er det ikkje etablert noko tilbod for jentespelarar sesongen 2007.

 

Me håpar imidlertid at alle som var med forrige sesong ønskjer å halde fram med fotball også denne sesongen.

 

Trenarane på jentesida vil frå denne sesongen etablere eit trenarforum kor ein ønskjer å få til eit best mogleg tilbod for flest mogleg jenter.

Me ynskjer difor å ta initiativet til at det vert etablert eit tilbod for jentespelarar denne sesongen. Med tanke på framtidig jentelag og A - lag, er det viktig med eit slikt tilbod. Ettersom det er heile 19 spelarar i småjenteklassa, er det fult mogleg at ein del av desse er med og spelar kampar i jenteklassa slik at det vert mange nok spelarar til eit lag.

Det mest aktuelle er vel å få til eit 7 – ar lag, men det kan og vere realistisk å stille 11 – ar lag i jenteklassa. Når det gjeld trening, kan det vere aktuelt med eit opplegg der jentespelarane følgjer treningar til småjentelaget og A – laget. 

For å få til noko slikt, er ein avhengig av at nokon av foreldra til jentespelarane er med og hjelpar til. Ein vil i alle fall ha trong for ein oppmann og ein person som kan ha eit ansvar for laget, spesielt i høve til bortekampar. 

Men, det viktigaste av alt er at de jenter sjølve er interessert. Dersom det ikkje er stor nok interesse for eit jentelag, vil aktuelle jentespelarar likevel ha muligheten til å delta på A – laget sine treningar og konkurrere om ein plass på laget på lik linje med dei andre spelarane. 

For å diskutere om det er grunnlag for å få til eit jentelag sesongen 2007, vert det med dette kalla inn til møte i Belehalli onsdag 10. januar kl. 1930!



Skrive av: Alf M. Høyrem (04.01.07 - 14:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487165 besøk, sidan 18. juli 2005