Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Spelarmøte Damelaget




Foto:Eirik Thue

Torsdag 14. desember klokka 1930 vert det spelarmøte for damelaget i Belehalli.

Det er framleis ingen som har meld seg til teneste med tanke på å vere med i støtteapparatet rundt damelaget. Dette vert då nødvendigvis eit viktig punkt på møtet.

Følgande punkt vert teke opp under møtet:

  • Oppsummering sesongen 2006
  • Spelarstall
  • Trening/kampar
  • Drakter
  • Utstyr
  • Norway Cup
  • Framtida
  • Støtteapparat
  • Verdival - miljø
  • Ymse

Alle spelarane ver oppfordra til å tenke gjennom om det er noko som dei ønsker vert teke opp. Det vil seie at det er lov å koma med innspel til andre aktuelle tema. Gi gjerne tilbakemelding til Geir dersom det er noko spesielt vi bør ta opp.

Alle spelarane skal òg i førekant av møtet tenke gjennom kva slags verdiar og miljøfaktorar som er viktige for damelaget til Balestrand den komande sesongen, og eventuelt vidare framover.

Kven som skal møte:

  • Det er sjølvsagt at samtlege spelarar som var med sesongen 2006 kjem, utanom dei som er på Sandane.
  • Spelarar som har vore med tidlegare, men av ulike årsakar har slutta, er velkomne
  • Nye spelarar som ønsker å begynne på laget
  • Jenter/damer frå 15 år og oppover som er aktuelle som spelarar eller i ulike leiarfunksjonar(skuleelevar, fastbuande, pendlarar, og andre).
  • Personar som kan bidra med noko i støtteapparatet. Det vere seg foreldre/føresette og andre personar som ønsker å vere med.

I tillegg ynskjer ein alle som er aktuelle som spelarar og/eller støtteapparat vel møtt. Er du i tvil om dette er noko for deg, så møt opp og ta ei avgjerdsle i etterkant av møtet.

Småjentespelarar som ønsker å utvide talet med treningsøkter, er òg velkomne til å vere med. Det same er trenarar/støtteapparat til andre jentelag i Balestrand.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Geir på 901 38 210.

DÅ SNAKKAST VI I BELEHALLI TORSDAG 14. DESEMBER 2006 KLOKKA 1930!

 



Skrive av: Geir Harkjerr (11.12.06 - 16:22)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487432 besøk, sidan 18. juli 2005