Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damelaget treng støtteapparat




Foto:Eirik Thue

Damelaget står utan personar i fleire sentrale leiarposisjonar. Vil du vere med?


Etter den vanskelege første sesongen som seniorar, står ein no fram for ein ny og spanande sesong. Laget hadde sesongen 2006 ein snittalder på 16,4 år, fordelt på 22 spelarar. Alle har vorte, eller vert eit år eldre i løpet av 2007. Likevel kan ein ikkje seie at laget har særleg med rutine.

Knut Steinar har vore oppmann, og Geir har vore trenar sidan duoen tok over laget hausten 2002. Laget hadde då 12 spelarar og dei fleste var første års småjenter. Sidan har ein halde saman i 4,5 år. Talet spelarar har gradvis stige, og talde 22 unge damer sesongen 2006. 8 av desse er utanbygds elevar på Sygna.

Referat frå sesongen i fjor, samt andre hendingar kan ein lese dersom ein ynskjer å sjå litt i arkivet på heimesida her.

Jentene har heile vegen vore pliktoppfyllande både i samband med oppmøte på trening, kampar, dugnadar, og andre aktivitetar som laget har vore med på. Fleire kjem endåtil på trening i "sivile klede" og ser på treningane når dei er sjuke og/eller skadde. Med andre ord ein flott og sympatisk gjeng som det er eit privilegium å få vere saman med.

Knut Steinar har på grunn av jobbsituasjon vore lite med på treningane i år. Han vil dei komande åra òg vere mykje på reise, og har difor signalisert at han ikkje er aktuell som oppmann/hjelpetrenar komande sesong. Knut Steinar har sagt seg villig til å vere medisinsk ansvarleg på heimekampane.
 
Avtroppande oppmann Knut Steinar med gode vener frå
Mali og Noreg

Geir har i utgangspunktet tenkt å halde fram som trenar, men er heilt avhengig av hjelp for at alle spelarane skal få eit godt sportsleg tilbod.

Geir held fram som hovudtrenar

Fylgjande posisjonar må vere på plass innan utgangen av desember 2006:

  • Trenar (hjelpetrenar til Geir) - minimum 1, men gjerne fleire.
  • Oppmann - kan kombinerast med å vere hjelpetrenar. Oppgåvene til ein oppmann er hovudsakleg å ha kontroll over terminlista og ringe til motstandarlag og oppsette domarar på heimekampane, samt ha tankar om dugnadar, og andre aktuelle ting.
  • Medisindame/medisinmann - som kan litt om førebygging og behandling av skadar. Trenar kan ein del, men er avhengig av at andre kan ta seg av dette for sjølv å kunne konsentrere seg om det som skjer ute på bana.

Som dei fleste sikkert kjenner til, så har Knut Steinar vore både oppmann, hjelpetrenar, psykolog, medisinmann, m.m. Det går fint å ha fleire oppgåver, men ein kan ikkje gjere alt aleine.

Nokon syns kanskje at det kan verke noko vel ambisiøst med eit stort støtteapparat rundt damelaget. Før nokon kritiserer det, vil ein peike på fylgjande punkt:

Jentene har vore gode ambassadørar for bygda og Balestrand Idrettslag gjennom mange år. Åtte pokalar har hamna i premieskapet, med siger i Førde Cup no i november som det førebels siste. Jentene viser stor treningsvilje, og alle har utvikla seg svært godt ut frå eigne føresetnadar. Jentene er opptekne av inkludering og samhald, og har vore med på å lage eit unikt godt miljø I spelargrupp. Dei to siste åra har dei òg vore med å gje jenter frå Mali minner for livet i samband med opphald i Balestrand og samarbeid med ulike organisasjonar. Laget har òg ei dei beste jente-/damekeeperane i fylket, og då forpliktar det å gje eit godt tilbod. Jentene gir mykje, og då må vi gje dei mykje tilbake.

Vil du vere med oss sesongen 2007?

I tillegg er det slik at seniorfotball krev meir av både spelarar og støtteapparat.

Det vil verte eit spelarmøte i løpet av kort tid, og då er det ønskeleg at mest mogleg i støtteapparatet er på plass. Ein har førebels ikkje oversikt over spelarstall for den komande sesongen, men ein håpar at alle som var med i 2006, og er med på vegen vidare. Kanskje kan det kome til nye spelarar òg.

Jentene har gjeve signal om dei ønsker å vere med på Norway Cup sommaren 2007 med eit juniorlag.

Foreldre/føresette og andre som føler at dei har noko å gje, vert oppmoda om å ta kontakt med Geir Harkjerr snarast. Eventuelle nye spelarar og/eller spelarar som har lyst å spele for Balestrand gjer det same. Velkomne til mange morosamme og minnerike opplevingar med damelaget til Balestrand!



Skrive av: Geir Harkjerr (06.12.06 - 16:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487374 besøk, sidan 18. juli 2005