Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fin innsats av småjentene under Førde Cup




Foto:Førde Cuo

Totalt 12 småjentespelarar fordelt på to lag var med under Førde Cup.

På laget til Balestrand 1 var det fire spelarar fødd i 93 og to spelarar fødd i 92, medan Balestrand 2 hadde motsett fordeling med fore spelarar fødd i 92 og to spelarar fødd i 93. Skilnaden mellom desse to laga var ikkje så stor. Den største skilnaden var nok keeperane.  I haustsesongen har ikkje laget hatt fast keeper, men Balestrand 1 hadde med to spelarar som har klart seg godt som keeperar dei gongene dei har prøvd seg. Ikkje noko negativt sagt om dei som var keeperar på Balestrand 2, men ein fast keeper ville nok ha redda ein del av måla dei slapp inn.

Mathilde gjorde ein god jobb som keeper

Spelarane hadde berre ei ordentlig innetrening bak seg før Førde Cup. Me satsa difor ikkje noko spesielt på det sportslege, men ønskja ei hyggeleg turnering med sosialt samvære.

Me budde på Slåtten skule under turneringa. Laga hadde kampar allereie kl 0800 og 0845 laurdag morgon. Jentene måtte difor vekkast kl 0620 for at me skulle rekke å kome oss ned til Førdehallen, ete frukost og varme opp før kampane.

Trenaren rekna med at det ville verte ein hard jobb å jage opp jentene ein laurdag morgon, men nei da. Ikkje noko problem. Fleire av jentene var allereie oppe då dei skulle vekkast. Med piratkopi av trenaren sin tolkning av Rosenborgsangen (heia Rosenborg) som vekkesignal på mobilen, var det lett for jentene å vakne. Imponerande.

Balestrand 2 innleia med to relativt klåre tap. Det første mot laget som vann heile turneringa. Men med nokre justeringar forbetra jentene seg stort utover dagen, og avslutta med uavgjort (i ein kamp dei burde ha vunne), og eit knepent tap mot erkefienden Høyang.

Frøydis hadde ei kjempeturnering og var dominerande i alle kampane. Ho laga sitt første mål for sesongen då ho banka inn eit straffespark i den tredje kampen.

Kamp frå puljespelet

Balestrand 1 innleia med uavgjort 1-1 etter ein god kamp av jentene. I neste kamp vart det imidlertid tap 2-0 i ein heilt jamn batalje der jentene ikkje spelte opp mot sitt beste.

Tredje kampen gjekk imidlertid betre, og dei kunne bokføre seier 2-0. I fjerde kampen vart det tap for andre gong denne dagen. 2-0 tapte dei i ein heilt jamn affære. Dermed glapp A-sluttspelet. Synd for jentene som med litt jamnare prestasjonar ville ha vore klar for A-sluttspelet.

Balestrand forsvarte seg godt

Ein hard dag for jentene. Ettersom vi hadde med to lag fekk alle mykje speletid i til saman fire kampar. Det skal noko til å halde trykket oppe ein heil dag der det går nesten 12 timar mellom første og siste kamp. Dette er slikt som det òg må trenast på.

Innimellom kampane var det fleire av jentene som var i symjehallen, i tillegg til shopping sjøvsagt. Halvparten av jentene hadde i tillegg nok energi til å avslutte kvelden med diskotek i Førdehallen!

Søndag møtte Balestrand 1 Høyang sitt andrelag i semifinalen i B-sluttspelet. Her hadde dei bra kontroll, og vann 1-0 etter skåring av Vida Maria.

Corner for Balestrand i B-finalen mot Førde 2

I finalen i B-sluttspelet vart det eit knepent 1-0 tap mot Førde 2, men det var seks jenter som nok likevel var litt stolte då dei kunne motta medaljar og pokal for 2. plass i B-sluttspelet.

Stolte jenter mottek medaljar og pokal

Det var med tilfredshet at treneren kunne konstantere at småjentene frå Balestrand gjennom sesongen trass alt har hatt ei fin utvilking. Spesielt gjeld dette "den faste gjengen" som har møtt på stort sett alle treningane.

I dei fleste kampane var begga laga fult på høgde med motstandarane, og med litt meir førebuing kunne nok prestasjonane ha vore enno betre.

Underteikna såg begge semifinalane i småjenteklassen, og vart ikkje skremt av det han såg. Tvert imot, med litt meir fokus på det sportslege, og med same framgang neste år, bør jentene absolutt ha som målsetting å få eit lag til semifinalen neste år. Sjølv om ein i tillegg til å vere flink skal ha litt flaks for å koma så langt. For me kjem tilbake neste år. Berre vent!

For dei av foreldra som les dette; de har nokre fantastisk greie jenter. Sjølv om ikkje alle har like stort fokus på fotball, er det positive jenter som var utruleg greie å ha med på tur.

 



Skrive av: Alf M. Høyrem (16.11.06 - 11:07)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488682 besøk, sidan 18. juli 2005