Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gull og heder til juniorlaget under Førde Cup




Foto:Geir Harkjerr

Det eine juniorlaget til Balestrand spelte seg fram til finale under Førde Cup 2006. Etter ein spennande finale vart det seier 2-1 over Dale etter sudden death.


Jentelaget var først i elden laurdag føremiddag. 3-0 seier mot Kaupanger ga laget ein god start. Heidi (2) og Marie sørga for måla. Førde 3 var neste utfordring. Balestrand vann 3-1 etter mål av Heidi, Ann Kristin og Sara.
 
Flott forsvarspel der Heidi (nærast), Ann Kristin og Hanne
har god kontroll. Linn står klar bakerst.

Ut frå dei andre resultata var Balestrand puljevinnar før siste innleiande kamp mot Sunnylven. Ein heller "slapp" kamp enda 0-0. Kvartfinale i A-sluttspelet var i boks til søndagen.

Hanne, Heidi (5), Ann Kristin og Marie i aksjon mot
Sunnylven

Så var det juniorlaga sin tur. Balestrand 2 starta med 0-4 tap mot Dale. Dei tapte så 0-2 mot Bergen Nord/Hovding. Resultat av dette var at laget gjekk til finale i B-sluttspelet søndag.

Cecilie og Anette (bak) og Livi og Margrete (fremst) i kamp
for Balestrand 2 i juniorklassen mot Bergen Nord/Hovding

Balestrand 1 i juniorklassa opna med 3-0 over Kalandseid. Kristina laga to mål og Ingunn eitt. Det vart 2-2 mot Sande i neste kamp, etter at Balestrand henta inn 0-2. Ingunn og Kristina laga måla. Balestrand vart dermed puljevinnar her òg. og klar for semifinale i A-sluttspelet søndag.

Når kampane var slutt laurdag kveld, bestilte vi fem store pizza frå Peppe's og omgjorde klasseromet på skulen til pizzarestaurant. Viktig med høg sosial faktor òg!

Pizza og sosialt samvær på skulen laurdag kveld

Søndag spelte jentene kvartfinale med Larsnes. Jentene styrte kampen frå start til slutt, men det tok litt tid før måla kom. 2-0 seier vart resultatet etter to flotte mål av Sara.

I semifinalen møttes to svært gode lag i ein kamp som begge laga fortente å vinne. Balestrand og Førde 1 spelte ein jamn kamp, men underteikna meiner at Balestrand hadde noko meir av initiativet en Førde. Det er ein gong slik at eitt lag skal vidare, og to minutt før full tid sette Førde inn seiersmålet etter corner. Tellefeil med påfølgande markeringssvikt i eit ellers godt Balestrandsforsvar. Balestrand hadde to skot som Førde sin keeper meistarleg redda, og eit skot i tverrliggaren. Det heldt ikkje, og laget måtte ta til takke med plass i bronsefinalen.

I bronsefinalen var det nabooppgjer mot Høyanger. Som alltid mot Høyang vart det ein tett og jamn kamp. Høyang tok leiinga 1-0. Ann Kristin utlikna til 1-1 som vart resultatet etter full tid. Det heile skulle avgjerast på 3 minutt sudden death (første målet vinn), og eventuelt straffer etter på. Desse 3 minutta var prega av dårlege avslutningar med skot frå langt hald på begge lag. Like før full tid, sviktar markeringa til Balestrand, og ein Høyangspelar vert liggande aleine. Ho får ballen og kjem aleine mot Linn og set ballen i mål. Tilleggstida viste 2 minutt og 58 sekund idet ballen gjekk i mål. 2 sekund unna straffesparkkonkuranse! Eit bitter tap og det kom nokre tårer då.

I juniorklassa tapte Balestrand 2 med 0-4 mot Sande i B-finalen. Juniorane fekk likevel med seg pokal og medaljar for andre plass i B-sluttspelet.

Cecilie, Margrete, Sunniva, Anette, Liv Irene og Hanne
fekk pokal og medaljar for 2. plass i B-sluttspelet



Heidi forsvann frå premiutdelinga for å varme opp til jentekamp,
og då mått vi ta eit nytt bilete. Her manglar Cecilie.

Balestrand 1 i juniorklassa slo Bergen Nord/Hovding 1-0 i semifinalen i A-sluttspelet etter mål av Kristina. Laget var då klar for finale mot Dale. Balestrand tok leiinga 1-0. Kristina la ballen flott ned og Ingunn kom og fyrte av med eit praktfult stegskot. 30 sekund før full tid utlikna Dale til 1-1, og det vart sudden death og 3 nervefylte minuttar. Ingunn avgjorde det heile og sette inn 2-1 då tilleggstida viste 2 minutt og 20 sekund. Seieren var i boks, og jubelen kunne sleppast laus.

Kaptein Kristina mottek pokalen som seier at Balestrand
er vinnar av Førde Cup 2006


Glade vinnarar. Bak frå venstre: Ingunn, Marie, Sandra,
Ann Kristin, Ragnhild, Tonje. Framme frå venstre: Linn, Kristina,
Marte. Silje mangla då biletet vart teke.

Vi reiste med totalt 19 spelarar til årets Førde Cup.

På jentelaget var Ann Kristin, Hanne, Heidi, Ingvill, Linn, Marie, Ragnhild, Sandra og Sara.


På junior 1 var Ingunn, Kristina, Silje, Marte, Tonje, Linn, Sandra, Marie, Ann Kristin og Ragnhild.


På junior 2 var Anette, Cecilie, Liv Irene, Margrete, Sunniva, Ingvill, Heidi, Hanne og Sara.

Ei flott helg i Førde med mykje fotball og sosialt samvær var over. På oppsummeringa før avreise frå Førdehuset, foreslo underteikna ein liten ferie. Store protestar førte til eit kompromiss på 10 dagar fotballferie....



Skrive av: Geir Harkjerr (13.11.06 - 12:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487829 besøk, sidan 18. juli 2005