Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fem lag får Balestrand med på Førde Cup




Foto:Eirik Thue

Heile fem lag reiser til Førde fredag kveld for å vere med på Førde Cup i Førdehallen. Alle laga er jenter.

To småjentelag  under leiing av Alf M. Høyrem og eit jentelag og to junior damelag under leiing av Geir Harkjerr skal vere med. For nokre av spelarane er det femte gongen dei deltek, medan det er debuten for andre.

I tillegg til at det sportsleg moro på desse turneringane, så er det òg ein høg standard på det sosiale. Laga frå Balestrand nyttar mellom anna Førde Cup til noko positivt med tanke på å bygge opp og ivareta eit godt sosialt miljø.

Førde Cup startar fredag kveld, men laga til Balestrand skal spele alle sine innleiande kampar på laurdag 11. november.

Småjenten til Alf er i følgande puljer:

 Småjenter  pulje 1  Småjenter pulje 5
 Jølster IL 3  Jølster IL 1
 Bergen Nord / Hovding 1  Tambarskjelvar IL 2
 Førde IL 2  Larsnes IL
 Balestrand IL 2  Balestrand IL 1
 IL Høyang 1  Dale IL 2

Kampoppsettet for småjentene er slik:

 Kamp Tid/Kl BanePulje Heimelag  BortelagResultat 
 34 0800 3 SMJ5 Larsnes Balestrand 1 
 43 0845 3 SMJ1 Førde 2 Balestrand 2 
 44 0900 1 SMJ5 Tambarskjelvar 2 Balestrand 1 
 51 0930 2 SMJ1 Bergen/Nord Balestrand 2 
 102 1345 2 SMJ5 Balestrand 1 Dale 2 
 130 1600 3 SMJ1 Jølster 3 Balestrand 2 
 142 1700 3 SMJ1 Balestrand 2 Høyang 1 
 154 1800 3 SMJ5 Jølster 1 Balestrand 1 

 


Jentelaget og juniorlagene til Geir er i følgande puljer:

Jenter pulje 1   Junior damer pulje 1  Junior damer pulje 2
 Førde IL 3  Balestrand IL 1  Bergen Nord/Hovding
 Sunnylven IL  Kalandseid IL  Dale IL
 Balestrand IL  Sande IL  Balestrand IL 2
 Kaupanger IL    


Kampoppsettet for jenter og damer junior er slik:
 KampTid/kl  Bane PuljeHeimelag  BortelagResultat
 79 1145 3 J1 Balestrand Kaupanger 
 89 1245 1 J1 Førde 3 Balestrand 
 116 1500 1 J1 Sunnylven Balestrand 
 163 1845 3 JD1 Balestrand 1 Kalandseid 
 175 1945 3 JD2 Dale Balestrand 2 
 184 2030 3 JD1 Balestrand 1 Sande 
 185 2045 1 JD2 Bergen Nord Balestrand 2 

Sluttspel vert avvikla søndag 12. november. Føkgande reglar gjeld for kven som kjem til sluttspel:

Småjenter: Puljevinnarane, toarlaga, trearlaga og det beste firarlaget (plassering i puljene når innleiande kampar er ferdige) går til 1/8-dels finale i A-sluttspelet. Dei fire andre firarlaga går til B-sluttspel.

Jenter: Puljevinnarane og toarlaga går til kvartfinale i A-sluttspelet. Trearlaga går til B-sluttspel.

Junior Damer: Puljevinnarar og toarlag går til semifinale i A-sluttspelet. Trearlaga går til B-sluttspelet.

Ein oppmodar Balestrendingane til å legge laurdagshandlinga til Førde denne helge, og kanskje rett og slett nytta søndagen til ein flott biltur med påfylgjande underhaldande og spennande fotballkampar i Førdehuset.



Skrive av: Geir Harkjerr (10.11.06 - 15:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487403 besøk, sidan 18. juli 2005