Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Vann GT-sykkel




Foto:eirik

Tysdag k 16.00 gjekk mosjons- og trimløpet i anledning  verdsdagen for psykisk helse av stabelen.
Fyrstepremien var ein GT-sykkel 2006 modell.
Den heldige og stolte vinnaren blei Ole Johan Nordeide (9).

 

 

 

 


Ole Johan seier til oss at han aldri hadde trudd han skulle vinne, og at han ikkje har vunne noko tidlegare.
Sykkelen kjem vel med, og han gledar seg til han kan hente sykkelen på COOP-Høyanger.


Me var svært spente på oppslutnaden kring løpet, men det viste seg at folk gjekk "mann av huset" for å delta. Heile 102 stk tok turen rundt løypa som gjekk strekningen Lærargata - Balavegen - Kong Belesveg.
I tillegg til hovudpremien blei det og trekt mange mindre premiar med forskjellige vinnarar.

Med salg av hamburgerar frå Bil-Bui blei arrangementet ein suksess sett med BIL-auge, og det skulle ikkje forundre oss mykje om bygdfolket og tykte om ein spaser/sykkeltur i det fine haustveret denne dagen!!

Me vil gjerne gjere løpet til ein tradisjon, så det er berre å trene gå-musklane til neste vår.

Takk for deltakinga.

Me takkar COOP - Sport Høyanger, Sognekraft, If-forsikring og Sparebanken for fine premiar.



Skrive av: Kjetil Nesse (13.10.06 - 22:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487372 besøk, sidan 18. juli 2005