Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Betre enn Champions league




Foto:jarle

Lillegut 11 avslutta sesongen i ein trillar på Kaupangerskogen. Vi fekk augneblink av magi, og årets mål…
 Lillegutane hadde trekt den blå trøya over hovudet for siste gang denne sesongen, og var klar til kamp mot Kaupanger på den nye kunstgrasbana på Kaupangerskogen. Regnet tok ein pause, og vi var nok litt spente då vi hadde sett at Kaupanger hadde mange gode resultat å vise til utover haustsesongen.  


Kaupangergutane viste raskt at dette skuldast at dei kunne spele fin fotball. Med eit flott heimepublikum i ryggen gjekk dei opp i ein 2-0 leiing med gode gjennomløp og kombinasjonar. Balestrand satsa vel offensivt i denne perioden og vart straffa med baklengs for det. Som ofte før, trengte Balestrandgutane litt tid til å bli varme. Laget vart justert litt slik at vi fekk noko betre balanse. Etter eit par susarar i tverligaren kom utlikningane fortent uti omgangen etter mål frå Asgrim og Fredrik. Men Kaupanger slo tilbake og kunne gå til pause med ei 3-2 leiing etter ein jamnspelt 1. omgang.


 
Utover 2. omgang fulgte laga kvarandre som skuggar. Kampen var intens og fin med mykje vilje og til dels fint spel frå begge lag. På stillinga 5-4 til Balestrand fekk vi oppleve augneblink av magi. Slikt du ikkje kan forutsjå, men som skjer no og då, og som gjer fotballen så spanande og engasjerande.


 
Først kjem ein Kaupangerspelar inn frå høgresida mot mål. Kaupanger har berre ein spelar i feltet plassert framom første stolpe med ryggen mot mål og ein av våre forsvarar i rygg. Det ser ikkje farleg ut når han får ballen, men så kjem tuchen; med innsida av foten trekker han ballen mellom beina og og styrer ballen inn inn lengste hjørne – ein kopi av Kanu sitt spektakulære mål for Arsenal for eit par tre sesongar sidan. Bortepublikum, som er underteikna og Sissel Nygård, set ned kaffikoppane og applauderer prestasjonen i lag med heimepublikummet. 


 
Vi har mest ikkje fått trekt pusten før Birk tek ballen med seg ut på høgresida og set full fart ned langs lina. Kaupangerspelarane prøver fortvila å takle, men ingen rekk heilt fram. Heilt nede i frå hjørnet kjem innlegget så hardt og presist at ein skulle tru det var i ein gutekamp. Ballen går i ei perfekt boge over forsvarane fremst i feltet, medan trenaren tenkjer at den ballen kjem ingen til å klare å gjere noko med. Då kjem Eirik – på bakerste stolpe – og frå 8 10 meter set han pannebrasken til – og ballen formeleg fyk inn i målet heilt oppe i kysset.. Då er det Kaupangersupportarane sin tur til å applaudere. Dette var utvilsamt årets mål for balestrandgutane!


 
”Dette er jo betre enn Champions league”, utbryt ein av foreldra på Kaupanger. Vi får oppleve nerve og spenning når kampen bølger fram og tilbake i sluttminutta. Kaupanger utliknar, men Balestrand aukar igjen til 7-6. Det vert fleire sjansar i sluttminutta og Tommy vert igjen sentral når han fistar eit godt skot utanfor stolpen. Når dommaren bles av står det framleis 7-6 til Balestrand.
 
Dette var i grunn ein kamp ingen av laga fortente å tape. Når vi takkar for kampen ser vi at Kaupangerspalarne langt frå er skuffa. Dette var ein flott kamp som inneheldt alt ein god fotballkamp gjer – og ein kamp med berre vinnarar.


 
Så var sesongen over, og vi kan sjå tilbake på ei tid med mange kjekke opplevingar både på trening og kamp. Spelemessig har alle spelarane gjort fine framsteg. Dette gjer til at laget også har vorte betre gjennom sesongen. Ein annan ting som gjer at laget har fungert godt, er at det heile vegen har vore ein utruleg god tone mellom alle spelarane på laget. Eg kan berre seie at det har vore kjekt å vere trenar for ein så fin gjeng!

 


 


Skrive av: arne abrahamsen (04.10.06 - 22:22)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488680 besøk, sidan 18. juli 2005