Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Endeleg vann småjentene!



Arkivfoto
Foto:jarle

Endeleg vant småjentene til Balestrand. På ein våt og sleip grasbane i Hafslo, slo dei Sogndal 5-3 torsdag ettermiddag i den siste kampen for sesongen.

Stilinga halvvegs var 2-2. Utruleg fin innsats av jentene som endeleg fekk belønning for mykje godt treningsarbeid, spesielt etter sommarferien.

 

Jentene starta litt tafatt og hadde nok med å forsvare seg dei første ti minutta. Men, derifrå og ut, var dei det beste laget, spesielt i andre omgang. Jentene leia 2-0 før Sogndal kom sterkt tilbake og utlikna berre 5 minutt før første omgang var over, det eine målet på eit svært tvilsamt straffespark.

 

Jentene har hatt ein tendens tidlegare i år til å falle av ut over i andre omgong, men ikkje denne kvelden inne i Hafslo. Jentene gjekk tidleg opp i leiinga 3-2, men Sogndal svara og utlikna til 3-3. Denne kampen ville imidlertid jentene vinne og kjempa som løver. Kjempinga gav resultat, og etter 20 minuttar sto det 5-3 til jentene. Det siste kvarteret var det våre jenter som hadde dei fleste sjansane, sjølv om sogndølene var farleg frampå eit par gongar. Jentene våre scora i tillegg ein gong til, men dommaren fekk ikkje med seg at keeperen redda ballen  innanfor mållinja.

I denne kampen var det mange som stod fram og viste gode takter. Stor takk til Amanda som tok ansvar og var keeper i denne kampen. Som forventa spela ho ein god kamp. Måla vart scora av Ingvild (2), Karina, Mari og Mathilde. Men, dette var ein lagseier med stor L. Skikkeleg kjekt å sjå den store framgangen laget har hatt sidan i vår, spesielt etter sommarferien. Medan dei tidlegare stort sett berre slo ballen unna, har dei i dei siste kampane periodevis vist fint pasningsspel. Gleda som jentene viste etter at dommaren hadde blese av kampen og dei hadde vunne sin første kamp for sesongen var rørande. Fantastisk flott å sjå slik idrettsglede. Ei stor oppleving både for jentene og trenaren. Det er slike stunder som gjer det vel verdt å bruke så mykje tid på fotball.

 

Det er eigentleg dumt at sesongen  er over, ettersom laget no begynner å vise skikkeleg framgang. Dette lovar imidlertid godt for neste sesong. Heile 8 av jentene ( 8 av 10 utespelarar) som starta kampen torsdag kveld kan spele i småjenteklassen også neste år (f. 1993).

 

 

Om det vert underteikna, andre, eller underteikna saman med andre som trenar laget neste sesong, får ein kome tilbake til.

Underteikna vil i alle fall takke for at han fekk vere trenar denne sesongen. Det har vore spanande og ikkje minst lærerikt, med deltakinga i Norway cup som eit høgdepunkt. I vår var det periodar då oppmøtet og innsatsen på treningane var heller laber. Men, spesielt etter Norway cup har dette betra seg valdsamt. Godt oppmøte på treningane, god innsats og betre samhald i gruppa. Håpar at alle held fram med fotball også neste sesong.   Sjølv om sesongen no er over, vert det lagt opp til trening to gongar i veka ut over hausten.  Laget skal vere med i Førde cup (innandørsturnering) 10.-12. november. 

Stå på jenter!



Skrive av: Alf M. Høyrem (01.10.06 - 20:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487148 besøk, sidan 18. juli 2005