
Oppsummering av sesongen 2006 for karadn i 6.divisjon

Foto:
|
Her kjem ei lita oppsummering med tørre fakta og nokre tankar frå sesongen som enda med 11 poeng og ein fjerde plass i 6. divisjon avdeling 1. I avdelinga med berre fem lag klarte BIL å ta poeng frå alle laga, men tapte likevel sju av dei tolv kampane.
Optimisme før sesongstart Etter ein god haustsesong i 2005 var det mange som var optimistiske med tanke på sesongen 2006. Spelarstallen frå -05 var stort sett inntakt og ein hadde håp om å få nye spelarar i tilgang til laget. Utfordringa var som vanleg å skaffe ein trenar. Dei fleste håpa at Geir Harkjerr skulle gjere come back, men han valgte å ta utfordringa med å gjere jentelaget om til eit damelag…
Dermed vart det til at dei gamle travarane Arnstein og underteikna tok ansvaret som spelande hjelpetrenar og spelande trenar. Ikkje den beste løysinga, men betre enn inga løysing. Optimismen var likevel ganske stor, særleg sidan Marius Bøe meldte seg til teneste for BIL igjen. Dessverre snudde denne optimismen seg ganske raskt uti sesongen. Kva gjekk galt? Kva var det som gjorde at det som byrja med snakk om opprykk enda med ein nest siste plass? Her er det fleire ting som spelte inn. Den viktigaste grunnen var nok treningane. Oppmøtet på treningane var til dels veldig dårleg. Dei som spelte sentrale roller på laget møtte, av ulike grunnar, alt for sjeldan på trening. Kvaliteten på øktene vart derfor for dårleg og motivasjonen til både spelarar og ikkje minst trenarar vart skadelidane.
Etter kvart gjekk treningane stort sett ut på å dele spelarane inn i to lag. Formasjonstrening og andre øvingar for å ”kjøre inn laget” var så og seie vekkasta når berre fire, fem spelarar frå laget møtte på trening. Sjølvsagt kunne ein ha fått til betre treningar til tross for denne situasjonen, men for min eigen del så vart det dårlege treningsoppmøtet drepen for motivasjonen. Betre vart det heller ikkje av at eg eigentleg ikkje hadde tid til å ta så mykje ansvar som eg tok, i tillegg verka ein skade og negativt inn på motivasjonen. Marius Eit par andre faktorar som truleg og spelte negativt inn var nok at me i år spelte i ein betre og jamnare avdeling enn året før og at Marius forsvann etter berre ein kamp. Det at Marius fann ut at han ville spele for Høyang igjen har eg full forståing for. Han var nok ikkje klar for den grå kvardagen i 6.divisjon, både på bana og på trening. På mange vis var det greit at han reiste før me hadde blitt avhengige av han, men samtidig var det veldig synd å miste ein slik kvalitetsspelar. Får håpe at me ikkje har sett det siste av Bøen i drakta til BIL. Lyspunkta Sjølv om sesongen ikkje vart den oppturen som mange hadde håpa på ,så var det og ein del lyspunkt. Blant anna fekk ein del unge spelarar nyttig erfaring som kjem godt med til neste sesong. Det var og veldig bra at Lars Jonas kom attende i sommar og gav laget etterlengta tryggheit bakover. I tillegg så var og Christian med på mange kampar og gjorde ein fin innsats. Hadde det ikkje vore for dei to kunne haustsesongen vorte verkleg tung.
Eit anna lyspunkt var det at laget faktisk fekk stor framgang spelemessig undervegs i sesongen. I haustsesongen spelte laget fleire gode kampar og fekk tidvis vist kva som bur i laget. Spelarane vart flinkare til å halde ballen langs bakken og til å spele meir taktisk. Dette er absolutt noko å byggje vidare på til neste sesong. Sesongen i tal Har sumert sesongen opp i tal og fakta under. Der kjem det blant anna fram at det var 28 spelarar som spelte for laget denne sesongen. Det berre viser kor viktig det er å ha ei stor gruppe av spelarar å ta av. Det kan vere godt å ha nokon å ty til når ein spelar bortekamp mot Aurland utpå hausten…
Elles så kan ein merke seg at laget fekk heile 17 kort, deriblant 3 raude. Dette er nok litt i overkant av det ein bør ligge på. Mohammed var toppskårar med 9 mål. Nesten eit mål i snitt pr kamp. Spelar | Kampar tilsaman | Kampar frå start | Kampar som res. | Kjell Rune Sværen | 12 | 12 | 0 | Arnstein Menes | 12 | 12 | 0 | Senad Demirovic | 11 | 11 | 0 | Mohammed T. Jano | 11 | 10 | 1 | Øyvind M. Neset | 10 | 10 | 0 | Arve Sjøtun | 10 | 8 | 2 | Eirik K. Goksøyr | 10 | 2 | 8 | Anders R. Dale | 9 | 4 | 5 | Eirik Thue | 8 | 7 | 1 | Tommy Ese | 7 | 7 | 0 | Odd Arild Lunde | 7 | 7 | 0 | Lars Jonas Pedersen | 6 | 6 | 0 | Hans Olav Bale | 6 | 2 | 4 | Dag Espen Johnstad | 6 | 0 | 6 | Teodor S. Kvikne | 5 | 5 | 0 | Sondre Skrede | 5 | 5 | 0 | Christian Gjerdaker | 5 | 5 | 0 | Sveinung Alværn | 5 | 4 | 1 | Roy Kenneth Rendedal | 5 | 3 | 2 | Tor Inge Fedje | 5 | 3 | 2 | Olafur E. Nesse | 5 | 2 | 3 | Kenneth B. Rosengren | 5 | 1 | 4 | Thomas Jørgensen | 3 | 2 | 1 | Kurt Ohma | 2 | 2 | 0 | Marius L. Bøe | 1 | 1 | 0 | Per Inge Bale | 1 | 1 | 0 | Espen Midtun | 1 | 0 | 1 | Henning Skåden | 1 | 0 | 1 |
Totalt vart 28 spelarar brukt.
Mål Spelar | Mål | Kampar | Mohammed | 9 | 10 (1) | Arnstein | 6 (2 str) | 12 | Eirik T. | 5 | 7 (1) | Odd Arild | 2 | 7 | Øyvind | 2 | 10 | Senad | 1 | 11 | Tor Inge | 1 | 3 (2) | Kurt | 1 | 2 | Sjølvmål | 1 | |
Kort Spelar | Gult | Raudt | Tommy | 2 | 1 | Mohammed | 2 | 1 | Arve | 4 | 0 | Anders | 2 | 0 | Teodor | 0 | 1 | Arnstein | 1 | 0 | Tor Inge |
|