Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ny flott kamp av lillegutt 11 år




Foto:jarle

Det var med ei viss spenning vi tok i mot lillegutane frå Bjørn forrige torsdag

I vår vart det tap i Gaupne, så vi visste at dei var gode. Med flomlys, mykje folk og ein forunderleg varm vind var det flott stemning på stadion. Sjølv då Bjørn gjekk opp til 0-2 visste vi at dette blei ein fin fotballkveld..


Spelemessig hang vi godt med, og på trass av baklengs var det fleire gode prestasjonar. Bjørn hadde derimot ein svært god keeper som redda fleire gode sjansar. For Asgrim jobba betre på topp enn nokon gong, og var spesielt flink til å søke rom og vere spelbar når vi fekk ballen! Slik skapte vi mange gode sjansar der vi anten avslutta etter gjennomløp eller kunne halde på ballen og spele til andre spelarar som kom på gode løp bakfra. Dette gav resultat, og då Geir bles til pause var det 3-2 til Balestrand.


Andre omgang starta jamnt og det vart både 3-3 og 4-4. Så sette Balestrand inn ein uimåstståeleg innspurt som ofte tidlegare i sesongen. Frå 4-4 gjekk Balestrand opp til 8-4. Ytterlegare to mål var scora, eit til kvart av laga, så sluttresultatet vart 9-5. Kveldens prestasjon var langskotet til Eirik, ein liten Alonso frå midbana som sneik seg inn nede ved stolperota. Elles scora Asgrim jamnt, Birk sprang som vanleg mykje og vann dei fleste duellane midtbana, medan Markus Viljar og Bjørnar viste glød og innsats i forsvar. Eirik, Knut og Fredrik hadde mange gode kombinasjonar på topp og Roger kledde keepertrøya på ein svært god måte i Tommy sitt fråver. Alt i alt ein flott kamp med to fine lag.


No står berre seongavslutninga att. Bortekamp mot Kaupanger førstkommande torsdag. Det er nesten litt vemodig, for lillegutt 11 år har vorte ein fin kameratgjeng og har vokse mykje som fotballag.

Skrive av: arne abrahamsen (28.09.06 - 22:55)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487436 besøk, sidan 18. juli 2005