Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene tek meir poeng



Kristina skårer nesten
Foto:

Balestrand sine unge damer tok poeng i tredje kamp på rad, etter 1-1 heime mot Hornindal.

Utan tap på heimebane i haust, og med fire poeng på dei to siste kampane før Hornindalkampen, var det mange som undra seg på om Balestrand igjen kunne ta poeng.

Kampen starta med ein del spel fram og tilbake mellom sekstenmeterane. Ikkje nokon av laga klarte å få initiativet, og det vart heller ikkje produsert all verda av målsjansar. Nærast var Livi etter berre 4 minutt spel. Ho kom fram på høgresida og skaut frå hjørnet av sekstenmeteren. Ballen sneia borti tverrliggaren på turen over mål.



Ingunn taklar, medan Heidi, Tonje og Anette følger
spent med.

Etter 24 minuttar skårar Hornindal. Ein høg ball vert slått inn i sekstenmetarfeltet framføre Linn. Det er ingen i nærleiken, og alt ser eigentleg heilt greit ut. Trenaren snur seg for å notere eit eller anna, og så høyrer han at nokon jublar. Det er trenaren til Hornindal. Det som skjedde var at ein Hornindalspelar sette fart i håp om nå ballen. Linn var nok litt ukonsentrert og såg ikkje løpet, samstundes som ho trudde at ballen ville sprette og vere enkel å plukke opp. Truoleg spratt ballen litt "feil" i forhold til Linn si berekning òg.



Nesten alle har mobilisert seg i forsvar. Håret til Ingunn
avslørar ho har vore opp og hedda ballen vekk.

Balestrand tok initiativet mot slutten av omgangen. 7 cornerar fekk ein, og etter 38 minuttar krigar Kristina ballen i mål. Ingunn slår ein flott corner mot bakerste stolpe. Kristina er oppe og heddar. Keeper reddar den og reddar returen som Kristina får. Ved tredje heddeforsøk, spring Kristina ballen nesten i mål, og hamnar sjølv ôg i nettet. 1-1 og overtrakk på eine ankelen vert resultatet. Heldigvis kan Kristina fortsetja.



Balestrand sitt forsvar var stort sett kompakt og fint.

1-1 er vel eit greit resultat til pause, sjølv om det ikkje hadde vore noko å seie på om heimelaget hadde leia med eit mål.



Godt forøk frå Kristina som keeper er oppe og plukkar.

2. omgang vert òg ein omgang der begge laga prøvar utan at ein klarer å få noko initiativ. Kristina har eit par sjansar der ho dreg seg gjennom, men skota vert redda, eller dei går utanfor.



Her kunne Kristina gjeve Balestrand 2-1.

Mot slutten kan Balestrand vere heldige at dei får med seg det eine poenget. Midtbane og stopparane til Balesrand kommuniserar dårleg, noko som fører at Linn må finne fram sitt aller beste. Eit skot frå sju-åtte meter vert meistarleg redda, og nok ein gong var Linn ei viktig brikke.

Balestrand stilte med følgande lag frå start: Linn - Marte, Tonje, Ann Kristin, Hanne - Livi, Ingunn, Heidi, Silje - Kristina, Anette.

Ingvill kom inn for ei skadd Silje etter 24 minutt, og Sunniva kom inn etter 40 minutt for Livi som fekk ein smell i hovudet. Marie spelte dei siste 30 minutta.

Ein ny og flott arbeidsinnsats av samtlege damer. Tre kampar på rad utan tap er imponerande når ein tenker på den tunge og vanskelege starten laget hadde på haustsesongen. Siste seriekampen i år er borte mot Jølster, fredag 29.09.06 klokka 1745.



Skrive av: Geir Harkjerr (28.09.06 - 15:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487377 besøk, sidan 18. juli 2005