Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Vellukka fridrettsstemne på Kreklingen




Foto:jarle

Laurdag 23. september blei det arrangert friidrettsstemne på Kreklingen.


Over 70 deltakarar i alderen 9-17 år, dyktige funksjonærar, mange tilskodarar og fine forhold gjorde sitt til at det blei eit flott stemne med fleire gode resultat.

Mest gledeleg var det kanskje at Balestrand stilte med 20 deltakarar som gjennomførte i alt 71 startar. Med dette hadde Balestrand faktisk både flest deltakarar og flest startar. Det er positivt etter ei tid med liten aktivitet i friidretten i bygda!

Når ein får vere med på ein slik dag  - og sjå innsatsen når krampa kjem i siste sving på ein 600 meter, eller tilfredse sukk når dei ligg på rygg og pustar og har sett ny pers med 1 tidel på 60 meteren, eller kanskje gleden over at dei nettopp har slått persen til Anders Balevik på 100 meter, eller rett og slett kameratskapen mellom ungane frå dei forskjellige idrettslaga - er det lett å vere nøgd med at aktiviteten aukar litt. Og det er meiningsfullt å jobbe for å auke den enda litt, og vere med å arrangere enda nokre stemne på det flotte idrettsanlegget vi har her i Balestrand.

 

I tillegg til Balestrand var det deltakarar frå Kyrkjebø, Aurland, Vik og Syril. Prestasjonane på bana var også gode, og nokre av resultata held høg klasse. Sindre Rørvik (17 år) frå Kaupanger hoppa 5,79 m i lengde, noko som er svært bra. Dag Espen Johnstad (16 år) her frå Balestrand sine 12,2 på 100 meter er også eit meget godt resultat. På 600 meter fekk vi fleire gode resultat. Sander Terum (13 år) frå Aurland sprang inn til 1.40,0, medan Aleksander Høydal (14 år) også han frå Aurland sprang inn til 1.36,3. I jenteklassa var tida til Anna Maria Holmberg (14 år)  frå Vik på 1.43,3 også svært god. I tillegg til Dag Espen gjorde dei andre Balestrendingane også hederleg innsats i mange øvingar sjølv. Det vart mange personlege rekordar og fleire DM – medaljar til utøvarar frå Balestrand. Resultatane kan du lese vedå sjå på vedlagt resultatliste.

 

 

Å arrangere eit godt friidrettstemne krev dyktige funksjonærar. Til dette stemnet var det av forskjellige grunnar kalla inn til teneste lovleg (ulovleg) seint. Likevel var det mange som stilte og gjorde ein glimrande jobb. Frå oss stemneansvarlege vil ein difor spesielt takke alle funksjonærane for innsatsen. Vel blåst.



Skrive av: arne abrahamsen (27.09.06 - 23:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487412 besøk, sidan 18. juli 2005