Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Solid avsluttning på sesongen




Foto:lars jonas

Karadn i 6.divisjon fekk ein etterlengta opptur når dei knuste eit svakt Sogndal 3 lag med heile 6 – 0. Som resultatet tyder på så var det stort sett einvegskjøring mot eit mål heile kampen igjennom. Dermed fekk BIL revansje for to tidlegare tap mot SIL 3. Med dette resultatet har og BIL, til tross for ein noko skufande sesong, tatt poeng mot alle laga i avdelinga si.


BIL – Sogndal 3, 6 – 0 (3-0), tysdag 19.09.06.
Øyvind (11 min)
Eirik T (20 min)
Arnstein (28 min)
Eirik T (60 min)
Arnstein (73 min)
Mohammed (79 min)

Balestrand I.L. (4-4-2)
Kjell Rune Sværen,
Øyving M. Neset, Lars Jonas Pedersen, Tommy Ese, Anders R. Dale,
Eirik Kvam Goksøyr, Arve Sjøtun, Eirik Thue(kaptein), Christian Gjerdaker,
Arnstein Menes, Mohammed Taher Jano

Res:Roy Kenneth Rendedal, Hans Olav Bale, Kenneth B. Rosengren og Sveinung Alværn.

Fråverande til denne kampen var Senad (ferie), Oalfur og Odd Arild (begge  skada).

1. omgang
BIL tok leiinga tidleg med eit flott skot frå vikarierande høgreback Øyvind. Etter dette produserte BIL fleire gode sjansar og laga to flotte mål til før pause. Sjølv om det vart produsert fleire sjansar, enn til dei tre måla, var det gledeleg å registrere at heimelaget var mykje meir effektive enn dei har vore ved mange høver tidlegare i sesongen.

Bortelaget skapte svært få farlegheitar i denne omgangen. Det nærmaste dei kom var ein situasjon der dei meinte at kampen sin dommar, Marita Gudvangen, skulle blåse for straffe. Ved dette høvet var det Øyvind som kasta seg inn i ei takling og traff ballen fyrst og mannen etterpå. Heldigvis lot ikkje den myndige dommaren frå Høyang seg påvirka av protestane til SIL og dømte kårner i staden.
2. omgang
I denne omgangen hadde SIL knapt eit skot på mål. Dei blå hadde derimot fleire sjansar enn dei hadde i 1.omgang. At det berre stoppa på tre mål i denne omgangen og, må nok litt slappare konsentrasjon og ein noko inneffektiv reserve ta på seg skulda for.

Dei tre måla kom alle etter til dels fint spel og kombinasjonar, særleg var 5 – 0 målet til Arnstein fint. Det kom etter ein fin kontring der BIL erobra ballen i gunstig posisjon og etter nokre gode løp og passningar fekk Arnstein ballen på 16 meteren og plaserte den sikkert nede ved stolperota. Flott prestasjon av alle dei involverte spelarane.

På slutten av kampen fekk BIL større og større rom mot eit stadig svakare bortelag. Og på berre dei siste fem minutta kunne ein viss reserve ha putta to mål om han berre hadde vore noko betre konsentrert og kaldare i avsluttningsaugneblinken. Men om eg skal seie det sjølv; så viste han jo ekstremt god plaseringsevne ved desse to høva…
Konklusjon
BIL vinn fult fortent og avsluttar sesongen på ein veldig god måte. Effektiviteten i begge endar var mykje betre enn tidlegare i sesongen og ein var og flink til å variere presset med det som resultat at ein ikkje gjekk tom for krefter.

Om dette var den siste kampen for Eirik T, Hans Olav og Sveinung gjenstår å sjå. Det er i alle fall mykje som tyder på at ein treng påfyll av nye krefter om ein skal ha eit lag i 6.divisjon neste sesong…

Spelarbørs:

Utgår.
Spør ”ekspertpanelet” på tribuna…


- siste ??



Skrive av: (25.09.06 - 21:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487106 besøk, sidan 18. juli 2005