Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Endelig kom seieren som ein har venta så lenge på!



Ein glad gjeng etter endeleg å vunne ein kamp att!
Foto:

Ein fortent 3-1 seier heime mot Sogndal sikra sesongens første tre-poengar.


 

Nokre sentrale spelarar mangla på grunn av skade og heimreise, men dette synte seg å ikkje ha nokon innverknad på innsatsen.

 

 

Balestrand stilte med fylgjande lag frå start: Linn – Livi, Karita, Ann Kristin, Hanne – Ingvill, Ingunn, Heidi, Anette – Kristina, Marie.

 

 

Etter ein litt forsiktig start frå begge lag, var det Sogndal som tok initiativet. Etter 8 minutt viste Linn fram kanskje årets redning på Kreklingen. Eit flott volleyskot frå cirka 16 meter vart elegant slått ut til corner. Linn låg i full strekk og vassrett i lufta og fekk fingertuppane på ballen. Sjeldan å sjå slike redningar hos jenter, og særleg hos ein 15-åring.


Linn sparkar ut etter ein av mange gode redningar

 

Etter 16 minutt måtte Ingvill ut med strekk, og Silje tok over plassen på høgre midtbane. Sogndal var farlige på cornerar, og etter 23 minutt måtte Linn på ny vise fram ei flott redning. Siste kvarteret av omgangen tok Balestrand over og styrte kampen fram til pause.


 

Etter 33 minutt kom Kristina seg fram på venstresida, runda backen og slo ei perfekt pasning inn og bak til Silje på bakerste stolpe. Silje sette ballen enkelt i mål. Eit godt eksempel på kor viktig det er å fullføre løpet heilt ut.

 
Kristina kjem seg fri på venstresida og slår eit
perfekt innlegg.

 


Silje kjem på bakerste stolpe og gir Balestrand 1-0. 

 

 

Silje fekk ein ny sjanse etter 38 minutt. Ho parkerte Sogndal sin back, men vart takla av ein stoppar som kom susande i siste liten. På overtid tverrvende Kristina på 16-meteren og fyrte av eit skot som keeper så vidt fekk slått over til corner. Laga gjekk til pause med 1-0 leiing til Balestrand.

 

 

Sunniva kom inn for Silje når 2. omgang starta, men dei måtte byte plass att etter berre 10 minutt. Sogndal yppar seg dei første minutta.

 

 

 

Etter 6 minutt taklar Ann Kristin inne i eigen sekstenmeter. Karita avklarar med ei kjempepasning fra til midtstreken kor Kristina elegant tek ned ballen. Ho vender vekk ein spelar ute på høgresida, driblar seg forbi to nye forsvarsspelarar, parkerar dei i løpsduellane,  og avsluttar med å setje balle enkelt ned til høgre for keeper. 2-0 til Balestrand.


Kristina set inn 2-0. Marie fylgjer flott med for ein
eventuell retur.

 

 

Etter 11 minutt auka Heidi til 3-0 på eir flott langskot frå tjue meter. Keeper til Sogndal burde nok ha teke det skotet, sjølv om det var hardt. Keeper slo skotet opp i nettaket.

 

Det er eit kjend sitat frå fotballens verden som seier at det kjem ”mål like etter mål”. Det var tilfelle denne kvelden. 55 sekund etter 3-0 reduserte Sogndal til 3-1. Hanne vart utfordra og kom på etterskot. Innlegget slengde Linn seg ut på og slo ut i feltet. Der kom ein Sogndøl i full fart og smelte ballen i mål. Sogndal fortsett å vere farlige på dødball. Etter 19 minutt får Linn så vidt slått ballen vekk via stanga.

 

 


Sogndal var farlege på cornerane.

 

 

Midtvegs i omgangen er det Balestrand sin tur på corner. Livi slår flott inn til Ingunn som heddar rett på keeper. Spelet bølgar fram og tilbake på slutten, og ingen av laga skaper dei heilt store sjansane. Kampen endar 3-1 til Balestrand, noko som òg var fortent kampen sett under eitt.

 

 

Ein fantastisk arbeidsseier og ein vinnarvilje som ikkje har vore tilstades før denne hausten. Eit gledeleg gjensyn med Livi (Liv Irene) som nyttar helga til besøk hos søster Hanne, samstundes som ho får med seg to kampar for damelaget. Alle jentene (damene) fortener stor honnør og skryt for den innsatsen dei viste denne kvelden.


Ingunn kjem litt for seint.

 

 

Linn viser fram fleire gode redningar, og særleg den eine viser kvifor ho er på kretslaget.

 

 

Livi og Hanne har begge stor fart på backplass. Nokre utfordringar på tidspunkt for når ein bør takle, men kompenserer med fart og innsats.

 

 

Ann Kristin og Karita rular som midtstopparar. Dei spelar med stor autoritet og har stort sett full kontroll. Taklar og sikrar kvarandre veldig bra.

Karita og Ann Kristin hadde full kontroll i
midtforsvaret

 

 

Ingvill må diverre gje seg etter berre 16 minutt med strekk.

 

 

Silje kjem inn og er ein konstant trussel på høgresida. Skårar eit flott mål.

 

 

Anette spelar sin første heile kamp og imponerar som venstre midtbane. Sogndal sine spelarar var sure etter kampen fordi Anette aldri let dei få fred.

 

 

Ingunn var litt av og på i første omgang, men var stor i andre.

 

 

Heidi imponerte med å vinne nesten alle hovudduellar, samtidig som ho var ”over alt”. Skårar eit flott mål.

 

 

Kristina viser at ho ein kvalitetsspelar. Skaper mykje aleine. Flott målgivande og ei glimrande 2-0 skåring.

 

 

Marie gjer mykje det same som Anette. Marie spelar og sin første heile kamp, og ho imponerar. Uredd i duellane, og slår mange flotte gjennombrotspasningar.

 

 

Sunniva startar andre omgang, men må gje seg med pustevanskar etter berre ti minutt.


Seieren er sikra, og jentene er godt fornøgde

 

 

Skrive av: Geir Harkjerr (24.09.06 - 11:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487858 besøk, sidan 18. juli 2005