Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene med tap mot gode vikjer




Foto:jarle

Småjentelaget tapte 6-0 mot eit svært godt lag frå Vik på Vik stadion tysdag kveld.

Stillinga ved pause var 1-0.


Jentene frå Balestrand var sjanselause, men kjempa godt og gjorde ein svært heiderleg innsats. Så lenge kreftene haldt, forsvara dei seg godt. Med litt flaks kunne det faktisk stått 1-1 etter første omgang ettersom jentene hadde ein kanonsjanse til å utlikne åleine med keeper i slutten av første omgang.

Jentene frå bygda med den frykta osten, er eit reint 92 lag og er heilt suverene i serien, sannsynlegvis er dei det beste småjentelaget i fylket. Dei vann ma. 7-0 over Lærdal i Lærdal. Lærdal ligg som nummer 2 på tabellen.

 Å tape 6-0 mot dette laget borte er difor ingen skam. Tvert i mot, jentene kunne gå av bana med heva hovud etter god kjemping gjennom heile kampen. Det er feil å trekk fram spelarar, men underteikna kan ikkje unngå å nemne Mathilde.Laget har for tida ingen fast keeper. Men, Mathilde tok ansvar då ingen andre ville vere keeper. I tillegg spela ho ein kjempekamp, gjorde knapt ein feil, og viste stor autoritet bak der. Når ho i tilegg viser gode haldningar og godt humør generelt, er ho gull verdt for laget. Måla var ho heilt sjanselause på. Kan nemne at eit av måla kom etter eit fantastisk skot frå om lag 20 meter heilt oppe i vinkelen frå ein av Vik sine to krinslagesspelarar. 

Godt humør og positiv innstilling hjå jentene gjorde turen til Vik til ei positiv oppleving til tross for tap. Behageleg reise med hurtigbåten og tur innom storkiosken i Vik før heimreise, hjelpte og på humøret.  

Stå på jenter! 

Er det forresten nokon som har spela kamp i Vik utan at det har regna? Eg berre spør.

 

Skrive av: Alf M. Høyrem (23.09.06 - 10:02)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487169 besøk, sidan 18. juli 2005