Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Aurland/Lærdal 2 - Balestrand 7-3


Det vart tap 7-3 borte mot Aurland/Lærdal 2. Heimelaget leia 3-1 til pause
 

Balestrand stilte med følgande lag:

 

Kjell Rune

Anders

Arnstein

Hans Olav

KennethEirik GArveØyvindSenadChristianMohammed 

Med 11 mann tok Balestrand sin andre tur til Aurland denne sesongen. Mange skadar, jobb og manglande vilje gjorde at reservebenken såg noko skral ut. Enkelte av spelarane uttala at dei var klar for å sitje på benken, men her måtte nok alle i aksjon frå fyrste stund J.

Arnstein var plassert som midtstoppar, noko som skulle visa seg å gje Mohammed det rommet han trengte på topp. På 3 og ein halv målsjanse  scora Mohammed 3 mål, og på ein elles grå dag for Balestrand er nok Mohammed den einaste som får godkjent. ”3 mål skal vere nok til å vinne ein fotballkamp”, seier Kjell Rune, men då lyt forsvaret rydde betre opp. A/L2 leia 3-1 til pause, og då det vart både 4, og 5-1 rett etter pause innsåg me nok at slaget var tapt. Nok ein gong syner ein viss dommar frå Syrstrond at han forstår fotball på eit heilt anna nivå enn oss andre, men han skal likevel få godkjent denne gongen.

No må me berre samle oss til siste kamp heime mot Sogndal III. Den kampen skal vinnast!

 

Skrive av: Arnstein Menes (22.09.06 - 16:31)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487406 besøk, sidan 18. juli 2005