Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ein fin avslutning på ein god sesong




Foto:?òyvind

Balestrand sitt G12-lag avslutta sesongen med 6-4 seier heime mot Norane. Laget fortsette den fine trenden frå forrige kamp og vann fortjent.

Etter tap 4-3 mot Norane i vår, var alle spente og klar for revansje på Kreklingen torsdags ettermiddag. Det starta ikkje heilt etter planen med eit sjølvmål etter ca. 5 minutt. Men gutane henta seg fort inn igjen og utlikna til 1-1. Balestrand hadde dei fleste sjansane, fleire av dei var veldig store, men makta ikkje å få ballen i mål bak ein god og heldig Norane-keeper. I staden var det Norane som scora og gjekk noko ufortjent til pause med 2-1 leiing. 

Etter pausen heva Balestrand seg og det gjekk ikkje mange minuttane før det sto 2-2 og rett etter kom 3-2 målet til Balestrand. Laget skal være stolte av at dei nok ein gang stod heile kampen ut, og til slutt vann 6-4. Heile laget gjorde ein kjempe-innsats i dag!

Til slutt vil eg få takke for denne sesongen. Eg har hatt det veldig kjekt i lag med dykk og dersom alt går etter planen, så fortset vi samarbeidet til neste år! Då står nye utfordringar for tur når vi skal spele 11’ar fotball. Eg håpar at alle på laget vil fortsette til neste år. Vi treng kvar og ein av dykk for å fylle stallen til eit 11’ar lag. Eg vil og takke alle foreldre som har vært flinke til å stille opp på heimekampar, bortekampar og ikkje minst GrodåsCup. 

Øyvind

 


Kristoffer og Per ?Äki har scora mange mål denne sesongen
Foto:?òyvind



Skrive av: ?òyvind Neset (22.09.06 - 09:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488617 besøk, sidan 18. juli 2005