Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillejentene kjempa mot sogndal




Foto:jarle

Lillejentene til Balestrand kjempa mot Sogndal torsdagskvelden. Resultatet blei til slutt 7-6.


Det blei ein kamp som gjekk litt i bølgjer. Innsatsen var varierande. 1. omgangen starta godt, og jentene rundspelte Sogndal dei fyrste 10 minutta. Etter dette såg det ut so  jentene var fornøydde etter ei 3-0 leiing, og Sogndal tok over spelet. Allikevel rodde dei det greitt i lan med 3-1 ledelse i pausen.


I andre omgang starta dei like godt som i starten av fyrste omgang, og gjekk fort opp i 5-2 leiing.
So gjekk dei i kvilemodus igjen, og Sogndal kom sterkt tilbake.

Etter kampen blei den matematisk svake dommaren i tvil om kor mange mål som var scora, og ho meinte resultatet vart 6-6. Lagleiarane var heller ikkje sikre, men det var målscorarane fra Balestrand.
Ida Nesse scora 4 mål og Martine W. Nesse hadde 3. Dette gav 7 mål, mens dommaren meinte 6.
Me er sikre på at resultataet vart 7-6.

Ellers var stemninga etter kampen god. Dette var siste bortekampen denne sesongen for Balestrand 1.
Me kjem sterkt tilbake neste år! 

 



Skrive av: Kjetil Nesse (15.09.06 - 11:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488683 besøk, sidan 18. juli 2005