Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Svak 1.omgang øydela for A-laget mot Hafslo.


Balestrand tapte 2-4 i ein kamp som såg ut til å vere tapt alt etter 30 minutt. På stillinga 0-3 låg det meste til rette for eit målkalas til seireleiaren frå Hafslo. Heldigvis så klarte BIL å kjempe seg inn i kampen igjen og gav dei gule kamp om poenga til siste slutt.

BIL - HAFSLO 2 -4 (1 - 3), tysdag 05.09.06.

0-1 ? (12 min)

0-2 ? (22 min)

0-3 ? (26 min)

1-3 Odd Arild (34 min)

2-3 Eirik T. (63 min)

2-4 ? (69 min)

 

 

Balestrand (4-4-2): Kjell Rune Sværen, Hans Olav Bale, Lars Jonas Pedersen (kaptein), Odd Arild Lunde, Anders R. Dale, Øyvind Neset, Arve Sjøtun, Eirik Thue, Senad Demirovic, Arnstein Menes, Mohammed Taher Jano.     Reserve: Eirik Kvam Goksøyr

 

 

Fråverande til denne kampen var Christian (skadd), Kenneth (jobb), Olafur, (skadd) og Tommy (vekkreist).

 

 

1. omgang:

Heimelaget hadde bestemt seg for å ligge lågt med laget for å hindra bortelaget sine kjappe spissar bakrom. Dessverre klarte laget ikkje gjennomføra denne taktikken godt nok, og fyrste halvtimen dominerte Hafslo.

 

Eit par av måla til Hafslo kunne nok vore unngått med betre konsentrasjon. Eit av måla kom og eter ein heller tvilsom straffe. På stillinga 0-3 kom BIL litt meir med i kampen og fekk ei redusering ved Odd Arild etter ein corner.

 

 

2. omgang:
I pausen var trenaren litt oppgitt fordi laget ikkje hadde klart å gjennomføre taktikken ein hadde snakka om før kampen. Heldigvis betra dette seg i 2. omgang. Laget låg slik det skulle, og som eit resultat av det, fungerte det og mykje betre. Ein unngjekk å lage store bakrom til spissane til bortelaget, samtidig som ein ikkje vart så slitne som laget ofte har vorte i 2. omgang.

 

 

I 2. omgang produserte BIL òg mange sjansar. Dessverre vart det med 2-3 reduseringa til Eirik T omtrent midtvegs i omgangen. Eigentleg er det ei lita gåte at BIL ikkje klarte å få fleire mål, men ein har sett tilsvarande tendens tidlegare i sesongen òg.

 

 

Nokre minutt etter 2-3, fekk Hafslo til ein overgang som redulterte i 2-4. Sjølv etter eit slikt slag i ansiktet, fortsette BIL å produsere sjansar, men som så mange gonger før, utan resultat.

 

Dermed vart det eit nytt poengtap for heimelaget i ein sesong som ikkje har utvikla seg til å bli som mange hadde trudd og håpa på.

 

 

Konklusjon:

Mykje som før. Manglande konsentrasjon kostar dyrt i begge endar. I tillegg kunne ein ha vore flinkare til å gjennomføre det ein var einige om før kampen.

 

Får håpe på betre uteljing i dei to siste kampane!

 

 

Spelarbørs:

Utgår. Spør "ekspertpanelet" på tribuna...

 

 



Skrive av: Sveinung Alværn (15.09.06 - 09:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488651 besøk, sidan 18. juli 2005