Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Kjempekamp av småjentene trass tap!




Foto:jarle

Småjentene begynner å bli store. Etter finfin innsats i Norway cup i sommar, har det teke ei stund for jentene å kome ned att på jorda.


Etter ein dårleg kamp borte mot gode lærdøler sist veke, var det kamp mot Sogndal 1 på Kreklingen tysdag ettermiddag. Sogndølene mønstra eit reint 92 lag, medan vel halvparten av våre spelarar er fødd i 93. 

La det vere sagt med ein gong, Balestrandjentene tapte 6-2, men resultatet gjev eit heilt feil bilde av kampen. Etter at den faste keeperen har flytta, har ikkje laget lenger eigen keeper. Martina og Mathilde tok heldigvis ansvar og stod ein omgong kvar. Ikkje noko negativt sagt om dei, flott at nokon tek ansvar, men nokre av måla til spelarane frå fruktbygda lengre inne i fjorden var av det enkle slaget som ein fast keeper nok ville ha avverga (Martina redda riktig nok eit straffespark).

Jentene gav ikkje opp og kjempa godt under heile kampen. Periodevis dominerte dei faktisk kampen, hadde godt ”trøkk” i spelet og hadde fleire fine kombinasjonar. I tillegg viste jentene innsats og glød som dei ikkje har vist tidlegare i år, med unnatak av kampane i Norway cup.Det er ikkje rettferdig å trekke fram einskilde spelarar, alle gjorde ein kjempeinnsats.

Desse spelarane var i aksjon:  Martina, Jofrid, Ruth, Amanda, Frøydis, Hanna, Mari, Mathilde, Vida, Karina ,Ingvill, Margrethe og  Emilie.Jentene har ikkje gjort det godt i serien i år, men møter gode motstandarar. Det kan nemnast at småjentelaget til Vik kom til finalen i Sognefjord cup i sommar og at Lærdal vann ei stor turnering i Ålesund for nokre veker sidan. Det er tydeleg  at lang tids trening no begynner å gje resultat.

Nesten synd at sesongen snart er over. 93 års klassa har enno eit år igjen i småjenteklassa. Dersom alle desse held fram neste sesong og held fram med treninga, vil dei danne stamma i eit småjentelag som har gode føresetnader for å verte meget godt. Spesielt med tanke på at det og  kjem opp mange flinke lillejenter f. 1994. Til neste år skal desse to årsklassane spele saman. 

Stå på jenter!



Skrive av: Alf M. Høyrem (14.09.06 - 17:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487116 besøk, sidan 18. juli 2005