Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damene tok endeleg poeng




Foto:

Damelaget sikra eit poeng heime mot Høyang søndag ettermiddag. Berrre fem minutt før slutt rauk sigeren.

Det var eit heiltend lag som tok imot naboane frå Høyanger til kamp søndag ettermiddag. Laget var ikkje til å kjenne att frå dei fire første haustkampane. Noko av forklaringa kjem nok av at Kristina var tilbake på laget. Ho har bestemt seg for likevel å gå tredje året på Sygna. Noko spelarar og trenar sjølvsagt er særs godt nøgde med.


Kristina tilbake i den blå Balestrandsdrakta!

Kampen starta med ein del spel fram og tilbake mellom begge måla. Ingen lag greidde å riva til seg noko stort initiativ. Begge lag hadde sjansar, og Høyang hadde kanskje dei farlegaste. Heldigvis var spissane deira særs lite effektive framføre mål. I tillegg stod Linn ein ny praktkamp i målet. Fleire gongar måtta ho hente fram sitt aller beste.


Linn nede ved stolperota. Karita hjelper til,
og Ragnhild fylgjer flott med tilbake.


Linn får slått ballen til corner, og ein mange gode og
kvalifiserte redningar er gjort.

Balestrand hadde det meste av spelet mot slutte av 1. omgang. Mykje takka Ingunn og Heidi som spelte særs godt på sentral midtbane. Særleg Ingunn imponerte med flotte taklingar og duellar som ho enkelt vann.

Silje starta på høgre midtbane og kom fleire gongar fram på sida. Fem flotte og presise innlegg fekk ho gjort før ho måtte ut med skade etter 32 minutt av 1. omgang.

Ingunn og Kristina kunne ha skapa ein av dei største sjansane i omgangen då Ingunn flott stussa vidare eit innlegg inne i feltet til Høyang. Mottaket til Kristina vart for dårleg, og skotet vart blokkert.


Ingunn (8) med flott stuss. Hanne (13) og dei andre
fylgjer spende med.


Kristina kom lurande inn bak forsvaret, men får
desverre ikkje avslutta skikkeleg.

Då omgangen var 40 minutt gamal, fekk Kristina ei flott gjennombrotspasning. Ho sprang nesten frå midten, parkerte Høyangforsvaret, og sette ballen enkelt nede ved stolperota til høgre for keeper. Balestrand kunne, noko uvant i haust, gå til pause med leiing 1-0!

Etter kvilen vart det ein omgang der Balestrand i stor grad vart pressa bakover av eit mykje meir agressivt Høyanglag. Forsvaret til Balestrand spelte ein kjempegod omgang. Ann Kristin og Karita var begge som nokre gigantar i forsvar, og det var ikkje mange duellane dei tapte. Hanne og Ragnhild K spelte òg framifrå på kvar sin backplass. Begge har enorm fart, og den fekk dei vist fram fleire gonger.

15 minutt før full tid fekk Høyang straffespark, etter at domaren meina at Ragnhild K hendsa inne i 16-metarfeltet. Linn psyka ut Høyangspelaren, og ballen gjekk både høgt over og langt utanfor. 


Silje (3), og Ragnhild K (4) er spende på straffesparket.
Karita (2) er klar til å ein eventuell retur.


Ranghild K er endå meir spend............Linn er mildt
sagt klar! Ballen fyk over og utanfor.

Balestrand held imot presset, og skapar nokre få sjansar. Dei farlegaste var faktisk på tilbakespel til Høyang sin keeper. Ho var ikkje akkurat imponerande med føtene. Silje var nær å doble leiinga då ho fylde eit tilbakespel.


Så nær var Silje å skåre. Keeper avklarar til høgre, men
Silje fortsett bevegelsen mot venstre......... Litt lenger
fram med høgrefoten, og Silje hadde sett ballen i mål.

Høyang utlikna 5 minutt før full tid. Eit innlegg frå høgre var hedda uhindra i mål. Teljefeil inne i feltet, og kven som må ta skulda er ikkje godt å seie. Det var fleire som sikkert kunne ha gjort andre valg. Sjølv om utlikninga var fortent, var det surt å få skåring imot så kort tid før slutt.

Kampen var eit stort løft for damene, som har hatt ein særs traurig start på haustsesongen. Laget spelar særs godt i forsvar, men har framleis mykje å jobba med for å vere endå farlegare framover. Einkunne ha skreve langt og skrytt mykje av alle spelarane, men dette får halde for denne gongen. Av mange gode og innsatsfulle Balestrandsjenter, var Ingunn, Karita, Ann Kristin og Linn dei aller beste.

Laget var slik denne gongen: Linn - Hanne, Ann Kristin, Karita, Ragnhild K - Silje, Ingunn, Heidi, Sara - Kristina, Cecilie.

Marie debuterte og spelte 29 minuttar. Ho kom godt ifrå det, og viste at ho vil verte ein flott tilvekst til laget.

Ingvill spelte dei siste minutta.

 

 

 

 



Skrive av: Geir Harkjerr (05.09.06 - 15:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488644 besøk, sidan 18. juli 2005