Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Målrikt når topp møtte botn


4-4 vart sluttresultatet når dei tabeltoppande dødballspesialistane frå Veitastrond vitja Kreklingen tysdag 22. august. Spenninga holdt seg til siste fløytesignal i den sjanse- og målrike 6. divisjonskampen. I ein kamp, der laga hadde kvar sin omgang, følte dei nok seg både nøgde og misfornøgde med eit poeng.

BIL – Veitastrond, 4 – 4 (2-1), tysdag 22.08.06.
1-0 Mohammed (8.min.)
2-0 Arnstein, str (19.min)
2-1 ? (42.min.)
3-1 Mohammed (46.min)
3-2  ? (47.min.)
3 -3 ? (51.min.)
4-3 Arnstein, str (65.min.)
4-4 ? (85.min.)

Balestrand I.L. (4-4-2)
Kjell Rune Sværen,
Theodor S. Kvikne, Lars Jonas Pedersen, Odd Arild Lunde, Tommy Ese,
Tor Inge Fedje, Arve Sjøtun, Øyvind M. Neset(kaptein), Senad Demirovic,
Arnstein Menes, Mohammed Taher Jano

Res: Hans Olav Bale, Eirik Thue, Eirik Kvam Goksøyr og Olafur E. Nesse.

Fråverande til denne kampen var Christian (skadd), Kenneth (jobb), Espen og Dag Espen (flytta pga skulegang). Heldigvis kunne Teddy og Tor Inge trekke i trøya ein siste gong før skulegang i Bergen krever sitt. I tillegg så friskmeldte Eirik T seg såpass at han kunne sitte på benken.

1. omgang
BIL spelte kjempegodt og rundspelte dei sigersvande spelarane frå Veitastrond. At det berre vart to mål ut av alle sjansane som vart skapt er eit lite mysterium. I denne perioden hadde heimelaget meir enn nok sjansar til å avgjere kampen.

Etter blant anna eit bytte på slutten av omgangen kom bortelaget noko meir med i spelet. Like før pause klarte dei og å få eit mål etter ein kårner. 2-1 til pause gav ikkje eit rett bilete av kampen, men når ein ikkje klarer å avslutte betre har ein berre seg sjølv å takke.

Måla til BIL kom etter eit fint skudd av Mohammed og eit straffe som Arnstein sette sikkert i mål.

2. omgang
3-1, av Mohammed,  kom berre eit minutt ut i 2.omgang og alt såg lyst ut med tanke på tre poeng til BIL. Det var berre så synd at 3-2 kom minuttet etterpå. Målet til BIL kom etter ein flott passning av Senad til Mohammed på motsatt kant. Mohammed vendte vekk ein forsvarar og skåra sikkert.

3-2 målet kom etter nok ein dødball og det var tydeleg at BIL vart noko usikre når dei fekk stadig fleire dødballsituasjonar mot seg. Nye prov på det fekk ein på 3-3 og 4-4.

Det er ikkje tvil at bortelaget hadde best tak på kampen i 2.omgang og når Arnstein fekk straffe etter ca 20 minutt av omgangen var det litt imot spelet sitt gang. Straffen var kanskje ikkje den klaraste som er gitt, men midtstopparen til Veitastrond har berre seg sjølv å takke når han gjennom heile kampen konsentrerar seg om mann og ikkje ball.
 
Konklusjon
Laget spelar godt i nesten ein omgang, men sviktar, som før,  i avgjerande situasjonar framføre begge måla. I tillegg vart det nok ein gong tydeleg at laget og då særleg midtbana går tom for krefter på slutten av kampen. Dette kan nok sporast attende til det dårlege treningsoppmøtet til einskilde spelarar.

Ein kan og spørje seg om laget og trenaren kan verte flinkare taktisk. Det hadde truleg vore lurt om laget hadde klart å variere presset. Kanskje burde ein ha lege lågare med laget for å kvile i periodar?

Etter å ha leda gjennom nesten heile kampen er det noko surt å ikkje vinne, men med tanke på den sterke 2.omgangen til Veitastrond kan ein samtidig kanskje vere glad for at det vart eit poeng.

Det posetive frå kampen er at laget nok ein gong viser at dei kam spele bra fotball og produsere mange sjansar, til neste kamp får ein berre håpe på at laget står ut kampen betre og vert meir effektive .

Spelarbørs:

Kjell Rune(Keeper): 7                    
Må nok ta på seg 4-4 målet, men har fleire store redningar.

Teddy (høgreback):    6    
Har eit par gode raid, elles spelar han stort sett greit..

Lars Jonas (midtstoppar):    7    
Ny god kamp, men møter tøff motstand..

Odd Arild (midtstoppar):    6        
Møter ein sterk spiss og har til tider litt for stor avstand til han, men gjer likevel ein god kamp og slepp spissen skjeldan forbi seg.

Tommy (venstreback)   6
Spelar på det trygge og er vanskeleg å komme forbi. Sler gode kårnerar.

Tor Inge (høgre midtbane): 6
Gjer som vanleg ein god innsats og står på så lenge kreftene held.

Arve (sentral midtbane): 6    
God med ballen og vinn mange duellar så lenge kreftene held. Forsvinn meir og meir ut av kampen etter kvart som  bortelaget tek meir over.

Øyvind (sentral midtbane, kaptein):    6
Mykje likt Arve.

Senad (venstre midtbane):    6
Jobbar bra, men har framleis for stor  feilprosent på avleveringane sine. Har likevel ein fin passning til 3-1 målet.

Arnstein (spiss):    6                
Jobbar bra og skårar sikkert på dei to straffene. Har ein vill mann frå Veitastrond  i ryggen heile tida, men kjem sigrande ut av den duellen.

Mohammed (spiss):   6
To flåtte mål, men bør kanskje skåra fleire mål på nokre av dei store sjansane han spelar seg fram til.

Olafur   6
Jobbar veldig godt når han kjem inn.

Eirik KG    -
Gjer ein god innsats når han kjem inn. Snart klar for ein heil kamp???

Eirik T   -
Kjem inn som spiss på slutten, men får få ballar å jobbe med.

Hans Olav –
Spelar eit minutt for Teddy.


* Skalaen går frå 1 – 10.



Skrive av: Sveinung (04.09.06 - 09:26)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487111 besøk, sidan 18. juli 2005