Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sjanselause mot serieleiaren




Foto:Eirik Thue

Fredag kveld var det flomlyskamp borte mot Førde. Serieleiaren vann enkelt og fortent mot eit urutinert og ungt Balestrandslag.


Det er sjeldan at ein spelar kampar med avspark 2030 ein fredags kveld her i fylket, men det var altså tilfellet i går.

På grunn av diverse skuleaktivitetar, sjukdom, skadar og det at nokre av Syngaelevane var reist heim, hadde ein 13 spelarar til disposisjon. Då ein berre 12 minutt ut i kampen fekk Ann Kristin skada, vart det ikkje noko betre. Heimelaget leia 6-0 til pause. Førde auka med 4 til etter kvilen, og vann komfortabelt og heilt fortent 10-0.

Balestrand starta med fylgjande lag frå start: Linn - Marte, Karita, Heidi, Ragnhild K - Silje, Ann Kristin, Ingunn, Ingvill - Sara, Cecilie.

Sunniva debuterte for Balestrand då ho kom inn for Ann Kristin då ho vart skada. 2. omgang spelte Tonje for Ingvill som òg måtte gje seg med skade.

Kor utruleg den kan høyrast ut, så var innsatsen til Balestrendingane stort sett veldig bra. Mange av spelarane sprang og kjempa godt, men det var tydeleg at manglande rutine spelar inn. Førde hadde ei spelar som var fødd i 1977 og to fødd i 1978. Det vil seie at de er dobbelt så gamle som til dømes Ragnhild K.

Søstrene Kråvik gjorde begge ein kjempeinnsats, og var Balestrand sine beste spelarar denne kampen.

 Sjå her kva Førde sjølve skriv om kampen:   http://www.n3sport.no/Organisation.asp?id=55925

No ser ein fram mot søndagskampen (i morgon 3. september) heime på Kreklingen mot Høyang. Det er alltid noko spesielt rundt desse kampane, og damene er einige om at vendepunkte skal koma no. Ei gledeleg melding tikka inn på mobiltelefonen torsdag. Kristina kjem attende til Synga for å ga tredje året der. Ho er klar til kampen mot Høyang, og vil truleg vere med å gje laget eit stort lyft.

Ein ynskjer store og små vel møtt til kamp søndag. Avspark er 1430!



Skrive av: Geir Harkjerr (02.09.06 - 14:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487378 besøk, sidan 18. juli 2005