Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sesongbeste av lillegut 11 år


Etter ein rufsete kamp mot Vik på mandag, leverte lillegut 11 sesongbeste mot Sogndal torsdag.

Fotball for lillegutar handlar for det meste om at spelarane skal ha det moro. I storhallen i Sognadal viste lillegutane tendensar til taktikk og samspel eit steg over det dei har prestert tidlegare. Då er det moro for trenaren på sidelina og..  

Sogndal starta fint og gjekk opp i leiinga på eit godt langskot som gjekk inn via stanga. Så kom Balestrand. Rulla opp fleire angrep og Viljar kunne etterkvart sette utlikninga til 1-1 kontant i nettet. Like etterpå fekk Asgrim draumetreff, og ballen suste opp i krysset medan keeperen berre kunne sjå på.  

I dag stod forsvaret kjempegodt. Roger skar av svært mange tilløp med press eller taklingar. Bjørnar og Bas sikra og rydda resten av vegen. Sogndal kom ikkje til meir enn ein målsjanse resten av omgangen, og då stupte likegodt Tommy ned i beina på Sogndalspelaren og redda mesterlig. Forsvarspelet i denne omgangen er det klart beste vi har prestert.  

Med Birk som bindeledd og motor i laget hang lagedelane godt saman i motsetning til sist. Fredrik og Knut kom lengre ned i bana når Sogndal hadde ballen. På den måten fekk vi mange brudd i midtbaneleddet, og med mange rettvendte spelarar, gode løp og ikkje minst gode passningar kom målsjansane – og måla.  

Etter 6-1 til pause roa det seg litt i andre omgang, men også her vart det nokre mål. Då vi skreiv under på dommarkortet stod det 9-2 til Balestrand. Trenaren til Sogndal syntes vi var gode i dag. Er ein trenar på dette nivået veit vi det svingar - men i dag var vi bra - i allefall betre enn vi har vore tidlegare. Slik framgang i prestasjonen (ikkje berre resultatet) er læring - og er bra å oppleve for alle.  



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.09.06 - 09:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487477 besøk, sidan 18. juli 2005