Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutane med hektisk sesongstart




Foto:

For LG 11-laget kom kampsesongen fort, og litt brått på. Inni skallen på oss er det nok fortsatt litt feriemodus. ”Plutseleg litt daft” som dommaren sa det etter kampen.

To kampar har vi spelt no etter ferien. Først kamp mot Syril 2 på Leikanger. Med Asgrim tilbake i Balestrand hadde vi ein ny og spennande angripar. Anton hadde og pussa skoa for første gang på lang tid, og kompletterte spelargruppa på ein fin måte. Med slikt friskt blod gjekk vi fryktlaust til verket – og før det var gått 10 minutt leda vi 5-0! Så gjekk lyset. Det gode spelet var blåst vekk, og forsvar og angriparar stod i kvar sin ende av bana. Vi var helst heldige at Syril ikkje fekk mål før pause.

Etter pause fekk Syril raskt 3 mål, og kampen var med eitt open igjen. Då var det som om vi våkna litt igjen – fekk nokre fine kombinasjonar med løp og passningar. Dette gav også uttelling, og då dommaren blåste var det 8-5 til oss.  

Mandag var det ny kamp. Vik som er eit av dei beste laga kom på besøk til Kreklingen. Kampen starta litt famlande, men i grunnen ganske jamnt.  Begge lag hadde sine sjansar. Litt utover i kampen sviktar konsentrasjonen litt og løpskrafta avtek. Vik går då opp til 1-0 etter ein fint utført corner litt ut i feltet, og med avslutning med eit direkteskot hardt nede mot venstre hjørne.

Så er det nokon som kjem borti ferieknotten vår – og før vi veit ordet av det er det 5-0 til Vik. Eitt mål til oss på tampen gjer at det er 5-1 til pause. Vi prøver å fokusere positivt mane til kamp og innsats i pausen. Det verkar bra og vi spelar heilt jamnt med Vik denne omgangen. Kampen endar 6-3 til Vik, så i andre omgang vart det faktisk 2-1 til oss. Vi takkar fint for kampen, og ynskjer vikjene god tur heimatt. Spelarane kjenner kvarandre godt og det er utruleg fin tone etter kampen.  

Vi får vere nøgde med starten på haustsesongen trass alt. Det er moro å vere i gang att – og allereie på tosdag ventar Sogndal...

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (30.08.06 - 17:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488686 besøk, sidan 18. juli 2005